Kulturlåven får viktig oppgradering før Abel-konserten

VAMP OPNA, ABEL ER NESTE: I fjor spelte Vamp som aller første band på kulturlåven på Svanøy. Utviklinga av den nye storstova held fram, og no er permanente toalett kome på plass i bygget, før Morten Abel kjem på besøk 21. juli.

VAMP OPNA, ABEL ER NESTE: I fjor spelte Vamp som aller første band på kulturlåven på Svanøy. Utviklinga av den nye storstova held fram, og no er permanente toalett kome på plass i bygget, før Morten Abel kjem på besøk 21. juli. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Flora si nyaste konsertscene med viktig kvalitetsløft for sommaren.

DEL

Laurdag 21. juli står Morten Abel med band på scena på kulturlåven på Svanøy. Då har det gått eitt år sidan haugesundarane Vamp opna det noko spinnville kulturprosjektet, som på rekordtid tok steget frå gamal, nedstengd kyrafjøs og til konsertlokale med plass til 500 gjester.

- Vi sa vi skulle bygge dette prosjektet steg for steg, og det gjer vi, seier initiativtakar Johan Trygve Solheim, dagleg leiar for stiftinga Svanøy Hus.

Nye, permanente toalett

Sidan suksesskonserten i fjor har det blitt jobba med å byggje toalett i låven, og dette er no på plass. Dermed slepp publikum å springe utandørs rundt låven for eit toalettbesøk i midlertidige «lokale».

Som i fjor, har billettsalet gått svært bra.

- Vi er nede på bunken av dei siste 100 billettane, så folk som ønskjer å ha med seg Morten Abel, må vere om seg og kjøpe billettar på ticketco, seier Solheim.

Må tinge hjå Fjord 1

I tillegg til konserten med Abel denne laurdagskvelden, blir det også spela til dans på låven.

Når det gjeld logistikken til og frå øya, har arrangøren følgjande oppmoding:

- Det er sett opp ekstra ruter mellom Florø og Svanøy med Fjord 1 denne kvelden. Dei som ønskjer plass her, må booke seg inn så fort som råd, oppmodar Solheim.

Artikkeltags