Høyr Eliot Bronson spele på Svanøy

Eliot Bronson på Svanøy

Eliot Bronson på Svanøy Foto:

KULTUR: Svanøy Folkeakademi inviterte til konsert på Svanøy, og det blei teken godt i mot.

DEL

Det er dei som spår at Eliot Bronson er på kanten av å slå gjennom og bli stor som artist. Om dei får rett står att å sjå, men den Nashville-baserte songaren og låtskrivaren er for tida på ein liten noregsturne der han spelar på små og intime scener rundt om i landet. Tysdag spelte han for eit rekordstort publikum på Vesle Kinn, og onsdag var han på plass på Svanøy.

Drygt 30 stykke møtte opp for å høyre på americana-artisten, og dei såg ut til å like det dei fekk servert frå scena. Halvard Lunde, som var med å arrangere gjennom Svanøy Folkeakademi, var veldig godt nøgd etter konserten, og meinte at det aldri hadde vore levert betre lyd i lokalet.

Her er ein liten smakebit av kva Bronson hadde å by på.

Artikkeltags