Sjå kven som vil bli ny sjef på Sogn og Fjordane Teater

GODT NØGD: Styret i Sogn og Fjordane Teater har 11 søkjarar å velje mellom når dei snart skal erstatte teatersjef Bodil Kvamme. Her frå jubileumsframsyninga "Evig Ung" i 2017.

GODT NØGD: Styret i Sogn og Fjordane Teater har 11 søkjarar å velje mellom når dei snart skal erstatte teatersjef Bodil Kvamme. Her frå jubileumsframsyninga "Evig Ung" i 2017. Foto:

Styreleiaren: – Godt nøgd med søkjarlista.

DEL

Teatersjef Bodil Kvamme går av neste år, og Sogn og Fjordane Teater er i gang med rekruttering av ny leiar. Målet er at ny teatersjef skal vere tilsett i løpet av 2019, med oppstart i januar 2021. Stillinga er eit åremål på fire år.

Då søknadsfristen gjekk ut, hadde 11 personar søkt stillinga som ny teatersjef. Søkjarlista består av fire kvinner og sju menn, og to av desse er unnateke offentlegheita.


Søkjarane til stillinga som teatersjef:

Bjørnsgaard, Gunhild (53) Oslo, Co-programmerar/prosjektleiar

Vik, Idun (34) Bergen, Frilans regissør/skodespelar

Valiente Marcelino, Martin (55) Oslo, Frilans sceneinstruktør/skodespelar

Lundsholt, Cecilie (38) Frilans produsent/dramatikar

Pedersen, Jeff (41) Stongfjorden, Frilans regissør

Ulsberg Brager, Øystein (36) Oslo, Dramaturg åremål og frilans regissør

Wergeland, Eliane (30) Oslo, Arenaleiar og partnaransvarleg

Ristesund, Stig Andre (49) Oslo, Biletkunstnar/rekvisitør

Selvik, Espen (60) Oslo, Prosjektleiar/kulturskribent

Mann, Unnateke offentlegheit

Mann, Unnateke offentlegheit


Om søkjarlista seier styreleiar Rasmus Mo ved Sogn og Fjordane Teater dette:

- Vi er glade for å sjå fleire sterke kandidatar til teatersjefstillinga. Ei sterk søkjarliste betyr mykje for teateret og syner at vi er relevante og attraktive, avsluttar Mo.

Artikkeltags