Opna sildebordet, fekk pris i beløning

Terje Rognsø og Geir Rindheim fekk Ingrid og Bjarne Sundes minnepris for 2017. Her blir prisen delt ut av Wenche Karin Sunde og rådmann Terje Heggheim.

Terje Rognsø og Geir Rindheim fekk Ingrid og Bjarne Sundes minnepris for 2017. Her blir prisen delt ut av Wenche Karin Sunde og rådmann Terje Heggheim. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Høgthengande heider til Rognsø og Rindheim under Sildebordet.

DEL

Det var ein lettare nervøs fotballtrenar Terje Rognsø som fekk æra av å opne Sildebordet under Himmel & Hav 2017 på fredag. Terje Rognsø uttalte før seansen at av alle oppdrag han ikkje har hatt vet til å seie nei til, kom dette høgt på lista.

Men framfor fleire tusen sildegjester fiksa Rognsø jobben godt, så godt at det kort tid etter opninga, vanka heider og ære. Då hadde nemleg juryen for Ingrid og Bjarne Sundes minnepris funne ut at nettopp Terje Rognsø og Geir Rindheim var verdige vinnarar. Og sjølvsagt handla det om den sentrale rolla dei har hatt i det blåsvarte fotballeventyret kystbyen har fått oppleve dei to siste åra. Trenarduoen fekk då 10.000 kroner som beløning.

– Eg veit ikkje kva eg og Geir skal bruke pengane på, men eg sikker på at vi skal ha det artig med dei, sa Rognsø frå scena medan han gliste bredt.

- Det var då så lite

Heider fekk også Anna og Trygve Ullaland, for stuntet dei drog i gang med å klargjere hønseriet til sildeproduksjon for Sildebordet. Utan deira hjelp ville det blitt tungt å kome i mål med årets arrangement.

Trygve takka for rosen på vanleg Ullaland-vis:

- Sjeldan har eg fått så mykje merksemd for så lite, kom det i den kontante takketalen frå byens veteranbonde nummer ein.

Det var eit litt meir glissent sildebord i år enn i 2016, noko veret nok må ta skulda for. Sjølv om regnet heldt seg på ei armlengds avstand, skremde nok meldingane ein del tilreisande frå å ta turen. Likevel; her var godt besøk i båthamna både innafrå fjordane og sørfrå, og i gata møtte Firdaposten gjester frå Tyskland, Litauen, Frankrike og Hawaii (!), som var fulle av lovord over sildefesten.

Kva så med silda? Ut frå tomme spann å dømme, var det den Ullaland-inspirerte eggesilda som verkeleg slo an hjå publikum. Ein knapp time etter opninga var denne varianten oppeten på rekordtid.

På byens utestadar var det fulle hus, og særleg var trøkket stort på den nyopna handverkarøl-puben, Vesle Kinn. Her var det køtendensar i døra allereie før Sildebordet blei avslutta.

Litt tynt på Haavebua

Musikken var det også klasse over. Då "Svanhild" og "Atløy" gjekk sin tradisjonelle tur til Kalvåg på føremiddagen, var det full jam mellom irske Na Fianna og norske Sol Heilo band, og stemninga var høg, ein suksess dei gjentok på Haavebua seinare på fredagskvelden, men der publikum dessverre glimra litt med sitt fråver. Det retta seg litt laurdag kveld, og rundt 400 besøkande fekk servert musikken til irane og Sol Heilo - - noko av det beste ein har høyrt på Haavebua på mange år.

Også under Sildebordet var det gratis kvalitetsmusikk for folket. Først ut var Storbandet, som leverte varene som vanleg, med David Antonsen og Janne Linn Myren som solistar.

Artikkeltags