Kokken Tor rockar Svelgen i kveld

FULL TRØKK: Kokken Tor er kjende for å gi alt frå scena og skape god rockestemning. Her frå ein konsert nokre år tilbake på Haavebua.

FULL TRØKK: Kokken Tor er kjende for å gi alt frå scena og skape god rockestemning. Her frå ein konsert nokre år tilbake på Haavebua. Foto:

2. juledag står i den norske rockehistoria sitt teikn på Bremanger Fjordhotell.

DEL

Det er ikkje mange vestlendingar mellom 25 og 50 som ikkje ein eller fleire gonger har spelt luftgitar, sunge allsong eller dansa til bandet Kokken Tor. Som eit av dei mest kjende coverbanda på vest om vasskiljet, har dei i mange år trekt godt med folk til Vestlandets klubbscener, og i kveld, på andre juledag, er dei klare for Svelgen.

For tida spelar dei eit sett dei kallar "ein hyllest til norsk rock". Sjølvforklarande nok, men her får du ei solid mimrepakke for generasjonen som vaks opp med musikken til dei såkalla "fire store" i norsk rock; DumDum Boys, Jokke & Valentinerne, deLillos og Raga Rockers.

Men også mange andre sentrale norske rockeband står på spelelista til Kokken Tor i kveld. Låtar frå CC Cowboys, Ingenting og allsongfavorittar frå Postgirobygget står garantert på settlista.

Artikkeltags