Det var Kim Reksten Grønneberg frå Oslo som sette det heile i gong. Grønneberg si mor Ragnhild kjem frå øya, og han har kvart år besøkt mormora Svanhild Reksten gjennom oppveksten.

Hyller samhaldet

– Formålet med det heile er å vise fram folket som bur på Reksta, og hylle samhaldet på øya, seier han.

Og det var ikkje vanskeleg å få folk til å stille opp på bilda. I forkant hadde han sendt ut invitasjon via grendelaget.

– Vi var også heime hos folk som ikkje kom seg på butikken for å ta bilde, smiler han.

107 personar vart foreviga – noko fleire enn dei som bur fast på øya. Nokre få ønskte ikkje delta, og nokre var sjølvsagt bortreiste eller på jobb.

– Eg har eigentleg aldri fått eit faktisk tal på kor mange som bur her. Men det er også med ein del hyttefolk og slekt som var her på besøk akkurat då – alle har ei viss tilknyting til øya.

Grønneberg har vore tilbake eit par gongar for å få sett opp bilda, og i helga var vêret endeleg såpass at det gjekk an å få jobben gjort. Han fekk god hjelp frå mange hender, og det gjekk med mange liter tapetlim. Men bilda er av papir, og difor blir utstillinga høgst midlertidig i vinden og regnet på vestlandskysten.

Flyktig kunst

– Det er noko av det interessante – dette er ei er vêrhard øy. Folk kjem og fer og det same vil skje med dette prosjektet. Når dette blir gjort i store byar, kan det bli ståande i månadsvis, så vi er spente på korleis det blir her, seier Grønneberg.

Målsettinga var at bilda skulle opp så tett opp til Rek i Land på Reksta som mogleg, slik at flest mogleg får sjå bilda.

Ein varmare velkomst til Rognaldsvåg har du aldri fått.

INSIDEOUT

Fotoprosjekt starta opp i 2011 av artisten JR der kven som helst kan delta for å gi si støtte til ein idé eller dele sine erfaringar

I 2013 lagde JR film om prosjektet

I april 2014 hadde over 200.000 menneske frå 112 land late seg fotografere i prosjektet

JR er anonym, og bilda er alltid utan kommentarar for at ein sjølv skal tolke det ein ser