Alt gjekk gale før Nora Oleanne si eksamen på operahøgskulen. Det var det beste som kunne skjedd ho.

FLORØ: Nora Oleanne hadde hell i uhell, snart kan du sjå resultatet i Florø

DEL

Det er ikkje småtteri dei skal gjennom, studentane ved operahøgskulen ved Kunsthøgskulen i Oslo. Eksamen er å lage ein førestilling på om lag 40 minutt, der studenten skal øve inn ein heil rolle. Og det er full pakke med kostyme og regi og alt som høyrer til. Før Florø si eiga operadiva, Nora Oleanne Sårheim, skulle halde sin eksamen gjekk det meste gale. Planen var å framføre Gonoud sin opera Faust, men det skulle vise seg å bli vanskeleg.

Tenoren måtte avlyse

Ti dagar før eksamen måtte tenoren avlyse eksamen på grunn av sjukdom. Dagen etter ville dirigenten avlyse orkesteret, og som om ikkje det var nok. Dagen etter det igjen trakk halve koret seg. Nora hadde ein veke på seg til å planlegge på ny, omstrukturere og stable ein ny førestilling på beina. Ingen enkel oppgåve, men Nora måtte gjere eit forsøk.

– For meg er det viktig å gjennomføre noko ein har starta. Eg ville gjennomføre eksamen og byrje på fulltidsfrilanslivet som eg hadde kvidd meg på i fleire år. Eg byrja å ringe rundt til dei eg visste hadde sunge Faust tidlegare, men det er ikkje eit tenorparti kven som helst kan synge, og det er svært få som har det innøvd sidan operaen knapt har vore oppført i Norge. Forsøket på å skaffe ein tenor gjekk difor ikkje så bra.

Ny inspirasjon

Nora starta difor å planlegge eit konsept for operaen der Faust sjølv ikkje er til stades. Kva om alt skjer inne i hovudet til Marguérite? Gjennom å dele førestillinga i to, og kutte litt her og der kunne det la seg gjere. Men det å kutte hadde ho svært liten lyst til. Ho heldt fram å leite etter ein tenor samtidig som ho planla alternative løysingar, og til slutt så klaffa det. Jazzsaksofonisten som har tatt steget til også å bli tenor, Håkon Kornstad, ville gjerne vere med.

– Eg vert treft av eit lynnedslag av ny inspirasjon. Kunne eg tillate meg å spørje Håkon, som eg aldri hadde møtt, om han ville spele Faust si stemme i duetten på tenorsax? Det ville jo vere right up his alley tenkte eg, og ikkje berre syntest han det var ein god idé. Han syntest duetten var så fin at han lurte på om ikkje eg ville at han skulle synge den i staden!

Og plutseleg falt alle bitane på plass. Eksamen kunne gjennomførast som planlagd, og neste veke kan du sjølv sjå resultatet i Florø. Då tek Nora eksamensførestillinga med seg til heimbyen for ein eksklusiv førestilling.

Det beste som kunne skje

– Det var verkeleg 0–100 på ti dagar, men etterpå var det nokre av lærarane som sa at det som skjedde nesten var det beste som kunne skje. No fekk eg verkeleg vist mi versjon og mi tolking av Faust. Og eg kom i kontakt med ein fantastisk tenor og musikar i Håkon Kornstad. Vi har eit ønske om å samarbeide meir seinare. Det er veldig kjekt å kunne vise det fram også i Florø. Vi skal berre sette den opp her.

Marguérite blir sette opp i Florø Kyrkje, og med seg på laget har Nora Oleanne tenoren Håkon Kornstad, som skal synge rolla som Faust. Belgiaren Joris Grouwels, som er baryton og skal synge rolla som Mephistofeles. I tillegg skal Andreas Løken Taklo spele flygel, og Sebastian Ryll traktere kyrkjeorgelet. Både Gammen og Fryd stiller også opp for å bidra med korsong.

– Det blir fint å ta heile kyrkjerommet i bruk, og endeleg får eg synge opera igjen. Som frilansar blir det mykje event-oppdrag. Eit julebord her, ein konferanse der. No får eg endeleg utfolde meg og vere midtpunkt igjen. Det gler eg meg til.

Faust (Opera)

Faust er ein grand opera i fem akter av Charles Gounod med fransk libretto av Jules Barbier og Michel Carré, basert på Carrés drama Faust et Marguerite, igjen basert løselig på Johann Wolfgang von Goethes drama Faust frå 1808.

Operaen hadde premiere ved Theatre Lyrique på Boulevard du Temple i Paris den 19. mars 1859.

Dets scenedekorasjon, i seg sjølv innflytelsesrikt, var forma av Charles-Antoine Cambon og Joseph Thierry (akt I og akt III, scene 1), Jean Émile Daran (akt II), Édouard Desplechin (akt III, scene 2; akt V), og Philippe Chaperon (akt IV).

Nøkkelen til operaen ligg i Mefistos arie «Dansen rundt Gullkalven». Der fører teksten og musikken inn i vår eiga tid i vårt jag etter å ta for oss av dei gode pengar kan skaffe. Mefisto (djevelen) påverkar Faust med heile sitt repertoar av tilbod og fristelser.

I Nora Oleanne sin versjon av Gounod sin opera møter vi Marguérite som hovudperson.

Den unge jenta vert forført av Faust, for så å bli forleten av den same mannen når han oppdagar at ho er blitt gravid. Ho vert sinnsjuk og tek livet av det nyfødde barnet sitt og hamnar til slutt i fengsel. Operaen og sjølve historia går mot si avslutning når Faust prøver å redde ho frå fengselet.

Idet ho skjønar at Faust har med seg djevelen (Mephistofeles) nektar ho å vere med han og døyr av utmatting.

Artikkeltags