Laurdag kjem Oddny og Magnar til Florø på boksignering

TIL FLORØ: Laurdag 8. desember kjem Oddny og Magnar Kleiva til Florø, i høve signering av boka som Ivar Longvastøl har skrive om søskenparet.

TIL FLORØ: Laurdag 8. desember kjem Oddny og Magnar Kleiva til Florø, i høve signering av boka som Ivar Longvastøl har skrive om søskenparet. Foto:

Av

FLORØ: Oddny og Magnar Kleiva, kjende frå filmane Søsken til evig tid, kjem til Florø laurdag 8. desember for å signere boka som er skriven om dei. Og får dei tid, har dei veldig lyst å få besøke Anna og Trygve Ullaland.

DEL

Mange bokhandlarar over heile landet har spurt om Oddny og Magnar Kleiva kan kome og signere boka med same namn som filmane. Søskena nærmar seg åtti år og driv framleis garden på Kleiva i Naustdal med kyr og kalvar, sju i talet, og dei kjem ikkje så lett frå. Dei har nettopp fått ein ny kalv i floren som krev ekstra stell, og difor har dei sagt nei til nesten alle førespurnader.

– Men ein tur til Florø kan vi tenkje oss, seier Magnar, som helst fører ordet av dei to.

Dei har kjentfolk i Florø, og dei kjenner godt slekta til ordførar Ola Teigen som har både mor og far frå Naustedalen, og dei håper at ordføraren har tid til å helse på dei når søskena legg ut på bytur.

– Florø og sildetida er også omtalt i boka, fortel Ivar Myklebust Longvastøl i Naustdal, forfattar  av boka og til dagleg journalist i avisa Firda.

Det er kort veg frå Kleiva til sildebyen Florø, og frå januar og fram til sommaren stod det sild på middagsbordet på garden fleire gonger i veka. Mange bondegutar og –jenter reiste til Florø for å få seg arbeid, og mange av dei vart verande og skapte seg ei framtid i byen.  Magnar prøvde seg også som sildelossar éin vinter, men han var odelsgut og det var meir bruk for han heime. Silda slapp han derimot ikkje unna.

(Frå kapittelet «Kvitta seg med all skuld»)

Det var filmskapar Frode Fimland, som voks opp på Fimland i Naustdal, som tok initiativet til boka. Longvastøl sa først nei, fordi han meinte det var vanskeleg å skrive ei bok etter filmane. Vanlegvis kjem boka først. Longvastøl ombestemte seg og er glad for oppdraget.

– Skulle det vere nokon vits i å skrive ei bok etter dei to vakre filmane, måtte eg også komme inn på dei vanskelege tinga i livet deira, seier Longvastøl.

PÅ KJØKENET: Forfattar og Firda-journalist Ivar Longvastøl på kjøkenet til Magnar og Oddny i Naustdal.

PÅ KJØKENET: Forfattar og Firda-journalist Ivar Longvastøl på kjøkenet til Magnar og Oddny i Naustdal. Foto:

Som det står på vaskesetelen til boka: «Ein gong var dei seks i familien. Ei av søstrene var fødd utanfor ekteskap, ein anna var utviklingshemma. Det var harde kår på den gamle husmannsplassen. Ingen av søskena gifta seg eller fekk born. No er berre Oddny og Magnar igjen, men ein ny familie har flytta inn på garden.»

Dei to filmane «Søsken til evig tid» og «Søsken til evig tid – Amerikareisa» fekk to millionar sjåarar på kino og på TV2. Svært mange nordmenn vart glade i søskena på Kleiva, og boka gjekk rett inn på bestseljarlista til norske bokhandlar. Oddny og Magnar lever eit enkelt og nøysamt liv i nær kontakt med dyra og naturen, og populariteten og kjendisstatusen har ikkje endra dei.

– For få dagar sidan kom det ein ny kalv til verda på garden. Han er svart med kvite sokkeband og fekk namnet Svartekolle. Oddny og Magnar er glade og stolte over å ha fått ein ny kalv, fortel Longvastøl, som også gler seg til Florø-tur.

Vil du møte søskenparet, så skjer boksigneringa på Norli Amfi i Florø laurdag.

Artikkeltags