Kjem til samfunnshuset med sigøynermusikk

FLORØ: Søndag blir det sår melankoli og fyrige danserytmar når Gjertruds Sigøynerorkester og Britt Synnøve Johansen går på scena.

DEL

Gjertruds Sigøynerorkester sprang ut av musikkmiljøet på Krølle Kro i Oslo på slutten av åttitalet, og har dermed heldt det gåande i nærmare 30 år, med fiolinisten Gjertrud Økland i spissen. Dei har spesialisert seg på sigøynarmusikk frå aust i Europa, og har tileigna seg musikken i direkte møte med sigøynarmusikarar i Budapest. No har dei funne saman med Britt Synnøve Johansen, kjend for sine Edith Piaf-tolkingar, og søndag står dei på scena i Samfunnshuset.

Den austeuropeiske sigøynarmusikken er prega av brå skift, frå sår melankoli til fyrige danserytmar. Element frå kunstmusikk, folkemusikk og populærmusikk frå 1800-talet er smelta samen til ein unik musikkform der folkemusikkens tonespråk koplast med klassisk/romantisk klangideal og virtuos speleteknikk. Det gir rom for eit nyansert, leikent og inderleg musikalsk uttrykk.

Britt Synnøve Johansen og Gjertruds Sigøynerorkester spelte først saman i 2014, då dei hadde ein konsert saman som dei kalla for «Rett frå hjartet». Det blei starten på eit tett samarbeid. I fjor spelte dei inn plata På reis, på reis saman, og frå kvar si musikalske verd trekk dei linjer mellom dei ulike sigøynermusikktradisjonane, frå portugisisk fado til norske taterviser. Britt Synnøve har oversett tekstane frå dei ulike språka til norsk, og syng på si eiga karmøydialekt.

Saman er Gjertruds sigøynerorkster og Britt Synnøve Johansen no klare for å presentere desse lidenskapelege, rå, sarte og såre songane for eit Florø-publikum. Det er all grunn til å tru at det kjem til å svinge skikkeleg.

Artikkeltags