Ingen sommar utan Tupelo

Irske Tupelo har skapt stor stemning på Haavebua fleire gonger, men dei har også spelt på Blomsterhagen. Det er på Hagen det blir irske tonar denne gongen.

Irske Tupelo har skapt stor stemning på Haavebua fleire gonger, men dei har også spelt på Blomsterhagen. Det er på Hagen det blir irske tonar denne gongen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dublin-baserte Tupelo blei ein suksess frå første tone då dei vitja Florø og Himmel & Hav-helga for fem år sidan. Sidan den gongen har James Cramer og gjengen hans også halde ein legendarisk utekonsert i Vetvika i Bremanger i 2014, og dei har spelt fleire gonger i Florø.

No kjem dei på ein ny sommarvisitt til kystbyen, i samband med eit anna speleoppdrag på Vestlandet. Denne gongen blir det konsert på Blomsterhagen, og datoen er laurdag 27. august.

Tupelo er eit markant namn i den irske new-folk-scena, der band med unge musikarar tek den tradisjonelle folkemusikken eit steg vidare med mykje eigenkomponerte låtar. Tupelo har hatt ein del utskiftingar i besetninga sidan sist dei spelte i Florø, og no er det frontfigur, vokalist og gitarist James Cramer, samt felespelar Kevin Duffy som er att frå den originale oppsetjinga.

Bandet platedebuterte tilbake i 2011 og har gjeve ut fleire album. I tillegg har James Cramer ei solokarriere på si, også han med fleire utgjevingar bak seg.

Det blir førehandssal av billettar til konserten på Blomsterhagen.

Artikkeltags