Festivalane i Sogn og Fjordane bli grønare

SJEKK: Administerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, saman med Elise Hessevik. Ho er prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane.

SJEKK: Administerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, saman med Elise Hessevik. Ho er prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane.

KULTUR: Ei gåve på 650 000 kroner til musikkbransjeorganisasjonen Brak skal sikre at festivalane i fylket blir grønare og meir miljøvennlege.

DEL

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Målsettinga med gåva er å gi musikkfestivalane i fylket eit miljømessig løft, med Øyafestivalen som mal. Øyafestivalen og festivalane sin interesseorganisasjon Norske Konsertarrangører er òg samarbeidspartnarar i prosjektet, i tillegg til Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, skriv Firda.

– For å oppnå prosjektet sine ambisiøse mål, skal vi utvikle ein metodikk som kan rullast ut over heile fylket. Dette har Brak koordineringsansvar for, og festivalane Malakoff, Utkant og Førdefestivalen er med i prosjektet frå og med i år. Malakoff og Førdefestivalen har lang erfaring med miljøarbeid og -sertifisering allereie, og vil bygge vidare på dette arbeidet, fortel Elise Hessevik prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane.

Ti festivalar i år

Etter at dei tre festivalane er avvikla og årets miljøtiltak er evaluerte, vil ei ny pulje festivalar bli tatt inn i programmet med tanke på å implementere sine miljøtiltak frå 2020. Målsettinga er å ha med ti festivalar i år. Ei ny pulje festivalar blir tatt opp i 2020.

Prosjektet vil òg utvikle eit kontroll- og sertifiseringssystem som blir klart til festivalane i 2020. Fokus for prosjektet er konkrete forbetringstiltak som vil gi størst effekt når det gjeld miljøavtrykk.

– Viktig for samfunnet

I dag kunne Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane overrekke gåvesjekken på 650 000 kroner. Han er tydeleg på at dette er eit viktig område for banken å vere med å støtte.

– Festivalar og andre større arrangement er heilt klart viktig for trivsel og kultur i samfunnet, og om vi i tillegg kan gjere dei meir miljøvennlege, så er det veldig positivt. Det å vere med å redusere karbonavtrykket til festivalane er heilt klart eit steg i riktig retning. Vi gler oss til å sjå resultatet av prosjektet og ønskjer dei lykke til med gjennomføringa, seier Teigene.

Artikkeltags