Denne helga blir det Gangsta Ting på Vesle Kinn

BERGENSRAPPER: Selim Mutic er betre kjend som Action The Man. Laurdag kjem han til Florø.

BERGENSRAPPER: Selim Mutic er betre kjend som Action The Man. Laurdag kjem han til Florø. Foto:

KULTUR: Action The Man er den nye kongen på haugen i Bergens rap-scene. Laurdag skal han løfte taket på Vesle Kinn

DEL

Eigentleg heiter han Selim Mutic, men det er under artistnamnet Action The Man han er best kjend. I fjor gav han ut sitt første offisielle album, «Altfor Go Form», til strålande kritikkar. Alisa Larsen i Bergens Tidende meiner at mannen er audmjuk, hardtarbeidande og ein heilt særeigen skikkelse innan bergensrappen. Laurdag kan Florøfolket sjølv få oppleve kva denne handlingens mann har å by på.

God bass

– Vi gleder oss veldig til å kome. Det blir action på scenen, med spisse tekstar og tunge basslinjer. Eg har med meg DJ-en min. Anders Hauge, eller Bonden som han kallar seg. Han blei intervjua av Bergensavisen for eit halvt års tid sida, og dei siterte han på noko han aldri hadde sagt, men som var så bra at vi har adoptert det. Han gjer faen så lenge det er god bass.

Han presenterer seg som Selim Mutic den tredje på telefonen, ikkje utan humor. Han er 32 år gamal, opphavleg frå byen Doboj i Bosnia, men kom til Norge som seksåring i 1993. No er han så godt integrert at han godt kan sitere Jan Eggum. Rap og Hip Hop har han drevet med sidan han var fjortis. I starten var han mykje meir old school seier han, men no hentar han inspirasjon frå alt mogleg. Og tekstene er viktige.

Knuse oppsig

– Dei handlar om livet, på godt og vondt. Oppløftande. Folk som har gått gjennom ting skal kunne kjenne seg igjen. Eg var mørkare før, då hadde eg ein tanke om at eg skulle skrive tekstar om dei tinga som folk ikkje tør å snakke om. Det er viktig for meg at det skal vere jævlig ekte. Du kan skrive jævlig? Viss ikkje kan du skrive knuse-ekte. Det er viktig å vere knuse-ekte!

På laurdag kan vi vente oss mykje materiale frå den nyaste plata, og Action the Man lover god stemning i det intime lokalet.

– På laurdag blir det både «Gangsta Ting» og «Svarte Penger», men også «Goe Vibbar» slik at vi ikkje skremmer vekk nokon. Det blir knuse oppsig som vi seier her i Bergen. Vi er verdt pengane!

Artikkeltags