Sjåfør skal ha møtt bil i feil køyrebane - hamna utfor vegen og meia ned telekabel og gjerde

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Skal ha møtt bil i feil køyrebane og måtte svinge unna.

DEL

Ein ung sjåfør på 19 år hamna utfor E39 ved Sunnfjord Museum onsdag kveld like etter 20.30. Det skriv Firda.

– Mannen kom utfor vegkanten og hamna vidare ned mot eit jorde. Det var ein telefonstolpe og eit gjerde som gjekk med i dragsuget, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Den unge sjåføren kom uskadd frå hendinga.

Telenor skal inn og reparere telefonstolpen og kabelen. 

– Veit politiet årsaka til ulykka?

– Det skal ha blitt opplyst på staden at det var ein møtande bil som kom over i feil køyrebane som var årsaka, men det må politiet sjekke opp i, seier Samsonsen. 

Artikkeltags