Samlar inn klede for Røde Kors

Michael Kildal

Michael Kildal Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– Det å kunne bidra til betre integrering og inkludering er veldig viktig for meg. For med ein gong du er på utsida av samfunnet og føler deg åleine, det er då ting skjer seg. Det har eg sjølv fått føle på kroppen.

Det seier musikaren Michael Kildal torsdag. Han har no engasjert seg på vegner av Røde Kors. Om litt over ei veke, 7. mai, held Kildal ein minikonsert på Røde Kors sin secondhandbutikk i Oslo, som organiserer 3500 frivillige som jobbar året rundt for betre oppvekstvilkår og integrering og inkludering av sårbare grupper i hovudstaden.

– Under ByLarm fekk eg kontakt med Anna Margreta Almqvist, som driv butikken. Vi heldt kontakten. Det utvikla seg til at eg vart spurt om å halde ein minikonsert. Det var ikkje noko å stusse på, seier rapparen.

Under konserten blir det også premiere på hans nyaste låt, som framleis ikkje har fått namn. Men musikken og teksten er ferdig produsert, og det låter veldig bra. I låta fokuserer Michael på nestekjærleiken, som det blir mindre og mindre av i dagens politiske klima.

Men han skal ikkje berre halde konsert.

– Det hadde vore kult om vi kunne bidra litt til arbeidet Røde Kors sin bruktbutikk gjer, vi her i Florø også. Eg byrjar no samle inn klede til butikken, så om folk har pent brukte, gjerne retro klede dei ikkje treng lenger, ønskjer eg å ta dei med meg austover, seier Kildal.

Kleda kan du levere på ViKi i Strandgata heilt fram til onsdag.

Her kan du lese meir om Røde Kors Secondhand

Artikkeltags