Snart kan du sjå Elg på hjorteøya

TIL SVANØY: Bjørn Jenssen (fra venstre), Øivind Elgenes, Frode Alnæs og resten av Dance With A Stranger kjem til kulturlåven på Svanøy 20. juli neste år.

TIL SVANØY: Bjørn Jenssen (fra venstre), Øivind Elgenes, Frode Alnæs og resten av Dance With A Stranger kjem til kulturlåven på Svanøy 20. juli neste år. Foto:

Av

FLORØ: Dance With A Stranger er neste sommars hovudnamn på Svanøy.

DEL

Laurdag 20. juli 2019 er datoen for den tredje låvekonserten i rekkja på Svanøy hovedgård. Og nok ein gong er det Vestlands-artistar som står øvst på plakaten. Etter to sommarsuksessar med Vamp og Morten Abel, blir det i år Dance With A Stranger som står for tur.

– Vi har sikra oss eit band frå øvste norske klasse, og som eg veit mange i Sunnfjord har eit sterkt forhold til, seier konsertarrangør Johan Trygve Solheim, som lovar full kulturhelg på øya den aktuelle helga.

– Alle gode Svanøy-krefter bidreg som vanleg. Vi har med oss både kroa og butikken på laget, gjestehamna skal ligge klar til dei som vil kome med båt, og på Hovedgården tilbyr Bistro To Kokker både overnatting og god mat, seier Solheim.

Festival-turnerte i fjor sommar

Dance With A Stranger (DWAS) er nærast som ein institusjon å rekne i norsk moderne popmusikk. Sjølv om bandet blei grunnlagt i Bergen heilt tilbake i 1984, så reknar gjengen seg som eit Kristiansund-band. Og det er ikkje så rart, sidan kjernemedlemmene er nordmøringar. I dag, snart 25 år seinare, har dei for lengst skrive musikkhistorie, med seks studioplater, live- og samleplater og ikkje minst tre Spellemansprisar. Den gjevaste av dei kom i 1991, då DWAS blei kåra til årets spellemenn.

Bandet har hatt pausar, soloframstøyt frå enkeltmedlemmer, gjenforeiningar, kommersielle opp- og neturar - men også tragiske tap. Våren 2013 blei bassist Yngve Moe utsett for ei badeulukke på Tenerife, og døydde kort tid seinare av skadane han pådrog seg. Men bandet, med to karakteristiske frontmenn i Øivind «Elg» Elgenes og Frode Alnæs, har reist seg igjen, og har i dag ein sterk og trufast fanskare rundtom i heile landet. I fjor sommar turnerte dei festival-Norge og trekte fulle hus.

Fekk ja umiddelbart

– Vi fekk ja frå Dance With A Stranger på strak arm, og det fortel meg at vi har blitt lagt merke til som seriøse arrangørar av god livemusikk, seier Solheim, som har eit ekstra musikalsk kort i ermet av den litt kvassare sorten denne julikvelden.

– Vi får besøk av bandet Blodsmak, som spelar halling-core. Det er ganske hardtslåande, men inspirert av norsk folkemusikk og med tekstar på nynorsk. Dei spelar først oppvarming, og deretter spelar dei til dans utover natta etter Dance With A Stranger-konserten, fortel Solheim.

Om du lurer på korleis Blodsmak sin halling-core høyrest ut, kan du tjuvsmake litt her.

Billettar til sommaren storkonsert på Svanøy er allereie lagt ut for sal på ticketco.no. Og med tanke på at Elg spelar på hjorteøya, så er billlettane slett ikkje så rådyre.

Artikkeltags