Konge-gospel i kyrkja på søndag

FAB-3: Vidar Busk, Paal Flaata og Stephen Ackles i aksjon i Brevik kirke i januar

FAB-3: Vidar Busk, Paal Flaata og Stephen Ackles i aksjon i Brevik kirke i januar Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag set denne trioen lyset på sjangeren som kanskje stod Elvis Presley aller nærast.

DEL

Visst var Elvis både skodespelar, rockar og tenårings-ikon. Men når han blei spurt om kva musikkform som stod hjartet hans aller nærast, svara han ofte gospel. Difor tok det heller ikkje meir enn fire år frå Elvis debuterte på plate, til han gav ut si første plate med kristne songar, noko det blei mange av gjennom karrieren.

Og det er nettopp dei religiøse tradisjonssongane trioen Paal Flaata, Vidar Busk og Stephen Ackles løftar fram i lyset når dei entrar Florø kyrkje førstkommande søndag 11. februar, som ein del av ein kritikarrost kyrkjeturné landet rundt som har fått tittelen «In the memory of Elvis Gospel».

Folkeleg gospel-tradisjon

– Gospel-innspelingane er ein del av Elvis som mange av fansen set stor pris på, fortel Stephen Ackles på telefon til Firdaposten. Vi har fått tak i ham på vegen frå Haugesund til neste spelejobb i Førde.

– Det er ikkje nokon tvil om at denne delen av karrieren var viktig for Elvis. Han hadde alltid minst ein gospelsong på konsertane sine.

– Som ung Elvis-fan på syttitalet hugsar eg at dette alltid var den kjedelegaste delen av konsertane hans, men som vaksen har eg lært meg å sette meir pris på også den delen av Elvis. Er dette Elvis for vidarekomne?

– Langt ifrå! Dette er absolutt ikkje for vidarekomne. Men det er klart at vi nordmenn har eit heilt anna forhold til den folkelege gospel-tradisjonen enn amerikanarane har.

Gitar-virtuos Vidar Busk, countryrockar Stephen Ackles og Midnight Choir-frontmann Paal Flaata har kjent kvarandre sida oppveksten, og dei har alle hatt eit nært forhold til Elvis Presley gjennom karrierane sine. Stephen Ackles har til og med vore observert i Elvis-kostyme kjøpt i USA ved fleire høve tilbake i starten av karrieren.

– Eg har eit vagt minne om deg og Memory Band på lasteplanet på ein lastebil på Odd Stadion tidleg på åttitalet, og da trur eg du hadde Elvis-kostyme på deg?

– Det må ha vore akkurat i den tida eg tok det av meg. Eg ville ikkje bli sett på som berre ein Elvis-etterlikning, men ja det kan kanskje stemme det. Eg fekk mykje merksemd for den Elvis-drakta.

Brandsøykoret

På søndag i Florø Kyrkje blir det ikkje kostyme av den sorten, og Ackles lover ein flott førestilling.

– Vi har stort sett spelt for fulle hus, og det har vore veldig fin stemning overalt. Vi leverer våre eigne tolkingar av materialet. Det er ikkje noko poeng å likne mest mogleg på Elvis. Vidar Busk har til dømes fått fritt spelerom. Han lagar sine eigne arrangement, og det fungerer på ein heilt spesiell måte. Det er nesten så ein ikkje kjenner igjen låtane av og til, men ein blir fort vant til ham.

Dei fabelaktige tre reiser ikkje åleine på tur. Dei er seksten mann på vegen, blant anna med full blåsarrekke, som korar når dei ikkje bles i horna. På søndag får dei også korhjelp frå Brandsøykoret. Samarbeidet med lokale kor har fungert kjempefint, seier Ackles, sjølv om det ikkje er store tida dei får til å øve.

– Nei, det blir ein to-timars økt før konserten. Det er veldig spanande med dei lokale kora, men det har fungert kjempebra!

På søndag kan du høyre sjølv. Det er billettar igjen, og så lenge det er plass blir det mogleg å kjøpe billettar i døra.

Artikkeltags