Kleive og Reiersrud til Kalvåg med Bach-kor

TIL KALVÅG: Knut Reiersrud og Iver Kleive har med seg heile Oslo Bach-kor når dei snart gjestar Kalvåg.

TIL KALVÅG: Knut Reiersrud og Iver Kleive har med seg heile Oslo Bach-kor når dei snart gjestar Kalvåg. Foto:

KALVÅG: Det er ikkje småtteri av «backing» Iver Kleive og Knut Reiersrud har med seg til Kalvåg 8. juni.

DEL

8. juni er datoen og staden er Frøya kyrkje i Kalvåg. Då har du sjansen å oppleve ein av dei mest bestandige musikalske duoane i norsk musikkliv. Iver Kleive og Knut Reiersrud bør vere kjende namn for dei fleste musikkinteresserte, anten ein likar kyrkjemusikk, blues eller begge delar.

På tampen av fjoråret gav dei to ut eit nytt album til strålande kritikkar, og no  har dei lagt ut på vegen for ein konsertrunde som både tek dei til Frøya kyrkje 8. juni og til Vereide kyrkje i Gloppen dagen etter.

Med seg denne gongen har duoen ikkje mindre enn heile Oslo Bach-kor, og i lag lovar dei ein klassisk hitparade, med klassisk musikk og ein del religiøse melodiar som bør vere velkjende for dei fleste. Bach-koralar står naturleg nok på spelelista, det same gjer musikk av Mozart, Grundtvig, Sibelius og musikk komponert av Iver Kleive sjølv.

Kleive og Reiersrud har spelt i Kalvåg tidlegare, og dei har også gjesta Stavang kyrkje med konsertar som blei svært godt motteke. Kleive blei i 2017 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, for sitt livslange musikalske engasjement.

Artikkeltags