Jomentum skal synge paviljongen frisk att

JOMENTUM: Frå "De usynlige barna og drømmen om julegleden".

JOMENTUM: Frå "De usynlige barna og drømmen om julegleden". Foto:

Av

FLORØ: Med konsert på komane laurdag, fyrer Jomentum av startskotet for Draumeplass-prosjektet sitt: No skal paviljongen ved Lillevatnet rustast opp for 100.000 premiekroner.

DEL

MeiningarI 2010 bygde  Jomentum paviljongen ved Lillevatnet i Florø på dugnad, med støtte frå eit stort tal enskildpersonar og bedrifter i Flora. Paviljongen var ei gåve til Florø by i høve byen sitt 150-års jubileum. Kommunen stilte som krav for å kunne ta imot gåva, at Jomentum skulle drifte og halde ved like både paviljongen og området rundt i framtida, noko vi har gjort med glede og etter beste evne.

Vann 100.000

I 2018 vant Jomentum, saman med Fora Pensjonistlag, Draumeplass-prisen frå 4H og Gjensidigestiftelsen. Prisen, kr 100.000, er øyremerka utbetring av området rundt paviljongen. Med årets store vårkonsert, Song for Draumeplassen, laurdag 27. april, i Flora samfunnshus, set vi startskotet for opprusting av dette området, og inntektene frå konserten skal nyttast til dette arbeidet, som skal vere ferdig til den tradisjonelle Paviljongens dag den 15. juni.

Lovar vårstemning

Konserten er basert på samarbeid på tvers av generasjonar og kultur, og Seniorkoret Sangglede og born frå innvandrarmiljøet i Florø deltek saman med Jomentum barne-og tweenkor, til solid tonefølgje av musikarane Eirik Molnes Husabø, Jørn-Lasse Førde Refsnes, Arild Brandshaug og Raimund Hoclas.

Sangkoret Jomentum har gjort utsegna «Det tar ein heil landsby å oppdra et barn», til vårt eige! Ved hjelp av publikum og andre som ivaretek rolla som «landsby-bebuarar» i Florø slår vi ring om ungane våre gjennom songen og musikken.

Vi ynskjer difor alle velkomen til vårstemning og konsert i Flora Samfunnshus laurdag den 27. april.

Jomentum

  • Jomentum barnekor vart starta av Jomentum og vår dirigent Siv Førde, i 1992. No, 26 år seinare er koret framleis i storform, og består i vår av 31 songglade barn mellom 5 og 18 år. Koret er politisk og religiøst nøytralt, men absolutt ikkje verdinøytralt!
  • Gjennom songane ynskjer vi å medverke til gleda over vissa om at alle menneske er både forskjellige og like, og oppmuntre til positiv samhandling, hindre mobbing, og inngå som eit positivt bidrag til lokalsamfunnet, også med tanke på miljøomsyn og positiv identitetsutvikling.
  • Koret vert drive på dugnad i alle ledd, med Siv Førde som den stabile dirigenten sidan oppstartinga. Meir enn 1100 barn vore medlemmar i kortare eller lengre tid, og fleire tidlegare barnekor-medlemmer har dei siste åra følgt eigne barn til korøvingane.
  • Jomentum har gleda Florø-publikum med song, eigenproduserte musikalar, og talrike konsertar sidan oppstarten, og koret har spelt inn 3 CD-ar der ein av dei er den stemningsfulle jule-cd-en «Jul med Jomentum», som framleis gjev absolutt julestemning. Den siste frå 2017 er den populære  #TAG- plata, som ein også finn på Spotify. Den store konserten med same tema, handla om dei omfattande forventningane som er retta mot dagens barn og unge, om å være vellukka og uthaldande til det grenselause, og korleis å stå imot dette presset.

Artikkeltags