Klasse 10D tømde klassekassa for 5000 kroner. Gjett kven som blei glad!

FLORØ: 5000 kroner stod att på klasse 10D ved Florø ungdomsskule si klassekasse då skuleåret var slutt. Pengane valde Kirsten (15), Ellinor (15) og resten av gjengen å gi til eit prosjekt dei er svært glade i.