Lengsel, død, fest og basar på Haavebua

Meir band enn kor: Håkon Vatle i Storm Weather Shanty Choir lover fullt trøkk og ein unik konsertoppleving på Haavebua på laurdag.

Meir band enn kor: Håkon Vatle i Storm Weather Shanty Choir lover fullt trøkk og ein unik konsertoppleving på Haavebua på laurdag.

FLORØ: Storm Weather Shanty Choir kjem tilbake til Florø på laurdag. Det er ein konsert dei gler seg litt ekstra til.

DEL

Håkon Vatle starta opp Storm Weather Shanty Choir tilbake i år 2000, etter at han blei smitta av shanty-sjuka etter å ha vore på tokt med Statsraad Lehmkuhl nokre år tidlegare. Sidan den gong har han og dei fem andre karane som er med lagt kursen innom Florø fleire gonger. No er det ein stund sida sist, men på laurdag er dei tilbake der dei høyrer heime. Under dei ramsalte bjelkane i taket på Haavebua.

– Vi har vore veldig mange gonger i Florø, men no er det ein stund sida sist, så dette gler vi oss til. Florøpublikummet er strålande.

Florøværingane har prega livet mitt

Ein kan ofte mistenke kunstnarar og artistar for å skryte på seg kjærleik til ein kvar stad dei møter opp for å spele, men stordabuen Vatle verkar oppriktig når han snakkar varmt om kor fortreffelege florøværingane er.

– Det må eg seie. Eg budde i kollektiv med to frå Florø under studietida, så florøværingar har prega livet mitt. Eg likar lynnet til florøværingane, og det er alltid veldig gøy å spele og synge her.

Vatle lovar fullt trøkk på Haavebua, og håpar publikum er med på notane. For her held det ikkje å stå å nikke forsiktig på hovudet med henda i lomma medan gutane på scenen syng. Er du på konsert med Storm Weather Shanty Choir er det forventa at du bidreg til konsertopplevinga.

– Vi forventar mykje av vårt publikum. Våre konsertar er i høgste grad ein interaktiv oppleving, der publikum i det eine augeblikket må brøle som sjømenn, før dei i det neste må vere musestille. Shanty er lengsel, død, fest og basar. Det er kvinner, vin og song, det er sjømannslivet. Og publikum er med heile vegen!

Pleier å bli gøy

Vatle seier at Storm Weather Shanty Choir er meir eit band enn eit kor, dei har eit rocka uttrykk som folk set pris på. Tidlegare i år har dei vore på turne i Japan, og no er dei ute på ein liten haustturné i Norge. Dei spelte for fullt hus i Oslo i slutten av august. Fredagen før dei kjem til Florø spelar dei i Trondheim, og den konserten er utseld. Vatle håpar på godt frammøte også i Florø.

– Eg håpar det. Vi kan love ein relativt uvanleg konsertoppleving, med ein rocka tilnærming til sjangeren. Vi har ein del nye, gamle songar på programmet, og vi trur det blir gøy på laurdag. Det pleier som regel å bli det.

Artikkeltags