Desse tre kan få fylkeskulturprisen

Og kven blir avgjort 20. november.

DEL

Innstillingsnemnda har innstilt tre kandidatar, og det kom inn totalt 25 forslag frå innbyggjarane. Ei innstillingsnemnd med medlemmar frå hovudutvalet har vurdert alle forslaga. Dei har også drøfta kandidatar som har vore føreslått tidlegare år og eigne forslag.

Det står no att tre kandidatar som hovudkomiteen kan velje mellom:

Idretten i Sogn og Fjordane v/Sogn og Fjordane idrettskrins for alt frivillig arbeid som blir lagt ned og betydinga dette har for fylket.

Teaterfestivalen i Fjaler for å presentere scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet med relevans for både bygda og teatermiljøet i Norge. Teaterfestivalen har auka mangfaldet av teatertilbod i Sogn og Fjordane.

NRK Sogn og Fjordane for å ha vore med å bygge ein felles identitet knytt til fylket som kulturelt- og geografisk område, for formidling av nynorsk språk og identitet og for engasjement for lokal musikk og lokale artistar.

Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember.

 

Artikkeltags