Lurer du på kva du skal finne på i helga? Her er nokre tips!

Det er meldt sol, opplett og 11-15 grader i helga, og på arrangementsfronten er det fleire kjekke ting å vere med på.
Publisert

Laurdag 12. mai er det Open Dag på Steinvik fiskefarm sitt visningssenter, frå klokka 11 - 17. 

Her kan ein sjå og oppleve fiskeoppdrett på nært hald. Ein kan sjå laks og rognkjeks, oppleve raske turar med arbeidsbåtane, delta i fiskekonkurranse for barn, delta på quiz, sjå utstilling frå oppdrettsnæringa med meir. 

Det er også veteranbilutstilling, grilling og stands med mellom andre Svanøy Røykeri og Røde Kors.

Og sist, men ikkje minst; det vert dåp av den splitter nye arbeidsbåten til Steinvik Fiskefarm, Bruvær.

Veteranbåten Atløy går tur/retur frå Florø, og her kan ein kjøpe billettar for å vere med.

Open dag på Steinvik fiskefarm.

Open dag på Steinvik fiskefarm.

Laurdag morgon er det også Entusiast-treff for bileigarar hos Autoforum i Førde, i samband med at Autoforum i Florø og Førde skiftar namn.

Her kan ein ta med seg bilen sin for å vise den fram, og det blir premiering av folkets bil. Klokka 12 køyrer ein i kortesje frå Førde til Steinvik Fiskefarm sin opne dag.

Laurdag er det også to kinoframsyningar i Florø.

Klokka 13.00 viser Flora kommunale kino den nye animasjonsfilmen «Den utrolige historien om den kjempestore pæra», basert på den superpopulære barneboka med same namn, av dansken Jacob Martin Strid.

Klokka 15.00 er det «Avengers: Infinity war» som står på plakaten.

Søndag 13. mai kan du nyte synet av nokre av dei flottaste køyretøya i Florø og omegn.

Då inviterer Florø Amcar-, veteran- og gatebilklubb til vårmønstring ved Eurospar på Krokane. Arrangementet er ope frå 12 til 17.00.

Det er kiosk, gratis inngang for tilskodarar, og premiering av «People's Choice» beste køyretøy i ulike klassar.

Vårmønstring i Florø. Arkivfoto

Vårmønstring i Florø. Arkivfoto

Er ikkje flotte bilar interessant kan ein i staden ta seg ein tur til Soldalen besøksgård.

Her er det open dag frå klokka 11 til 14. Ein kan få stelle og kose med dyr, handle i kiosken, leike, ri på hest med meir.

Kjærleik: Rosita (t.v.) og Violetta er blant dyra ein møter på Soldalen Besøksgård. Rosita er forsiktig av seg, medan Violetta sussar matmor Tonje Terøy i pur glede over å få vere med der det skjer. Merete Husmo Høidal jobbar på garden.FOTO: LIV  standal

Kjærleik: Rosita (t.v.) og Violetta er blant dyra ein møter på Soldalen Besøksgård. Rosita er forsiktig av seg, medan Violetta sussar matmor Tonje Terøy i pur glede over å få vere med der det skjer. Merete Husmo Høidal jobbar på garden.FOTO: LIV standal

Søndag ettermiddag og kveld er det fleire kinoframsyningar, først Den utrolige historien om den kjempestore pæra (kl.16.00), deretter Sommerbarn (kl. 18.00) og sist Blockers (kl. 20.00).

Artikkeltags