Til helga går Kinnaspelet av stabelen igjen, eit arrangement som krev mykje organisering. I år vert det gjort grep for å minske ventetida for dei reisande.
Dei som har vore på Kinnaspelet tidlegare har nok opplevd å måtte stå i kø på kaia i Florø. Før årets sogespel har Florø Skyssbåt sett inn ein ny og større båt for å få frakte fleire reisande om gongen.
– Vi kjem til å bruke båten Teisten i år, i tillegg til dei to mindre båtane Øyservice og Dagning, seier dagleg leiar i Florø Skyssbåt Paal Skorpen.
– Teisten åleine tek 196 passasjerar kvar tur. Det gjer at vi kan frakte 319 personar i timen, fortel Skorpen etter å ha rekna ut på kalkulatoren.
Sokneprest Knut Magne Nesse har ansvar for billettane, og han er optimistisk før spelet.
– Det har vore bra sal i år, både på Bergensbåten og her lokalt, seier Nesse som vil påpeike at viss ein bestill billett på nettet så vil ein spare tid på kaia.
– Og så er det viktig at ein gir beskjed i god tid om ein skal ha transport frå øyane, og at ein gjerne samlar seg i grupper, skyt logistikksjef Jan Henrik Nygård inn.
I fjor vitja 2500 sogespelet og styreleiar i Kinnaspelet, Gustav Johan Nydal, håpa på like mange i år.
– Vi har sjølvsagt lyst på like mange tilskodarar som vi hadde i fjor. I år vert det også sett opp ein båt frå Kalvåg i samarbeid med Knutholmen. Slik får vi invitert våre «nye landsmenn», Kinnaspelet har jo fått eit nytt omfang i år, med tanke på den nye Kinn kommune, seier Nydal med eit glimt i auget.
Kommentarer til denne saken