Sidan hausten 2016 har Florarevyen, etter eit omflakkande lagerliv, hatt fast tilhald i sjukehuskjellaren med alt sitt pø. Rekvisittar ligg sirleg stabla og sorterte på hyllene, medan alle kostyma heng på rekke og rad i det inste rommet. Eller det vil seie - det er ein del manglar i det kostymelageret. For omtrent sidan starten har Florarevyen velvillig lånt ut av kostyma sine til andre som skulle underhalde med ulike krumspring - men så er det slett ikkje alle som er komne tilbake igjen.

Kom, kyra!

- Alle dyra våre, til dømes, dei manglar vi. Vi hadde ei heilt nydeleg ku, til dømes, hugsar produsent Barbro Furset, og beskriv i malande ordelag kuskinn og jur.

Ein bjørn og ei flott høne forstår vi også har vore på vift i lang tid - og det er ekstra dumt sidan ein no har bruk for nokre av desse kostyma til årets revy.

- Folk har jo brukt av fritida og site seine kveldar for å komme i mål med desse kostyma, så vi synes det er litt trist at vi ikkje har dei lenger. Og så blir det like mykje jobb igjen i år når vi treng både ku og høne...

Lovar god klem

Difor går Barbro no ut med ei etterlysing.

- Vi er fullstendig klare over at det lett å gløyme, og dersom det no er nokon som kjem på at dei har eitt eller fleire av våre kostyme liggande ein eller annan stad, ber vi dei pent om å komme tilbake med dei. Det er ikkje slik at vi kjem til å stå med peikefingeren når dei kjem, dei skal heller få ein god klem, smiler ho.

Og har nokon noko å levere tilbake, ein stor og lodden bjørn, eller ein snerten drillpikeuniform ("Vi fekk fem donerte av Florø Skoles Musikkorps, no har vi berre fire"), så kan dei ta kontakt med Barbro - eller om du har kjende i revyen - snakk med dei.

- Det er eit betydeleg mengd kostyme som har blitt borte gjennom åra. Men vi har ingenting i mot å låne ut, så no har vi laga oss eit system for utlån, for vi kan ikkje risikere å misse meir, forklarar Barbro.