Kortreist spaceblues i samfunnshuset

The NorwegianPink Floyd Show kjem til Florø 28. april.

The NorwegianPink Floyd Show kjem til Florø 28. april. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Pink Floyd-show på veg til Florø.

DEL

Det har gått utrulege 50 år sidan arkitektstudentane Roger Waters og Nick Mason bestemte seg for å dyrke musikkinteressa si og starte band i London. Resten er rockhistorie, og sidan albumet "Piper At The Gates Of Dawn" kom ut i 1967, har Pink Floyd dyrka fram ein fanskare som i dag er verdsomspennande.

Teknisk krevjande

Å spele coverlåtar av eit perfeksjonistband som Pink Floyd, med ein av verdas beste gitaristar på laget, er ikkje for kven som helst. Men så ligg kanskje musikarane i The Norwegian Pink Floyd Show hakket over den jamne pubmusikarar når det gjeld teknikk.

Tributebandet kjem til Florø samfunnshus fredag 28. april, og det er særleg musikk frå glansperioden frå midten av 1970-talet og fram til på 1990-talet som står i fokus.

På miniturné

- Vi hadde lyst å gjere ein miniturné og gjere Sogn og Fjordane på tvers, så vi startar i Årdal 27. april, spelar i Sogndal kulturhus dagen etter, og avsluttar i Florø, fortel ein av gitaristane i bandet, den utflytte årdølen Per Arno Høra.

Billettane er no i sal på Flora samfunnshus sine nettsider, og sikrar du deg ein billett, vil du garantert få eit gjenhøyr med klassiske låtar frå slitesterke album som The Wall, Wish You Were Here, Dark Side of The Moon, Animals og også nyare utgjevingar.

Artikkeltags