Dansk souldronning kjem på besøk

Mangfaldige Hanne Boel kjem til Florø. Forutan å vere soulstjerne er ho  låtskrivar,
musikprofessor og prorektor på Rytmisk Musikkonservatorium i København.

Mangfaldige Hanne Boel kjem til Florø. Forutan å vere soulstjerne er ho låtskrivar, musikprofessor og prorektor på Rytmisk Musikkonservatorium i København. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Hanne Boel skal spele i Florø.

DEL

Ein av Danmarks største artistar, Hanne Boel kjem onsdag 25.oktober til Flora Samfunnshus. Det er Fjordane musikkforum som har booka den populære artisten, som opp gjennom åra har bygd ei karriere som skandinavias store soul/blues-artist.

Hanne Boel har eit stort publikum i landet vårt, etter 16 plateutgjevingar, der fleire av dei har har selt meir enn éin million eksemplar. Med fleire tusen konsertar rundt omkring i hele Europa, er det ingenting å seie på erfaringa til artisten som kjem på haustbesøk.

Florøbesøket er ein del av ein turné ho no legg ut på, og Boel lovar gjenhøyr med klassikarar som gjorde ho til allemannseige, som program som "Don’t Know Much About Love”, ”Black Wolf”, ”Talk It Out”, ”(I Wanna) Make Love To You” og ”Light In Your Heart”.

Turnéen er likevel ikkje berre ei nostalgisk reise. Hanne Boel gjer nye tolkingar av låtane og kombinerer det med andre sine songar som står ho nær, både innafor soul, blues og jazz.

Artikkeltags