Flora-kalenderen er her

Florøvika ein av dei verkeleg vakre dagane prydar framsida til 2018-kalenderen.

Florøvika ein av dei verkeleg vakre dagane prydar framsida til 2018-kalenderen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Og sjølvsagt er det historiske augeblikket frå 2. april med.

DEL

Hugsar du ikkje kva som hende den andre aprildagen? Vi kan røpe såpass som at det gjekk føre seg på grønt underlag...

Elles fortel bilderedaktør Øystein Hjertenes at dette er den 31. kalenderen i rekka. Og krava til bilda er som tidlegare: Bilda skal vere relativt nye, og det skal vere mogleg å kjenne igjen bildet.

– Vi har også ein ambisjon om å spegle heile kommunen. Det er berre å innrømme at vi ikkje lukkast med det i kvar einaste kalender, men over tid meiner vi at vi har greidd det, seier han.

Det er også ein ambisjon å prøve å feste spesielle høve til papiret, og det er altså her den magiske datoen i april kjem inn. Dei fleste har vel no komme på at det var då Florø Fotball hadde sitt aller første avspark i OBOS-ligaen.

– Det Jerv som har ballen, men sjå der, Kupen er allerede på veg for å få tak i den, peikar bilderedaktøren og den mangeårige Florø Fotball-entusiasten nøgd.

Han meiner også at bildet som prydar framsida på kalenderen er spesielt:

– Der har vi både Atløy, Svanhild, Fiskebas, Hurtigruta og redningsskøyta med, så dette er eit ganske komplett bilde av hamna i Florø.

Kalenderen er i sal no.

Artikkeltags