Gå til sidens hovedinnhold

Krusedullfilosofi og eldsjeler må til

Artikkelen er over 11 år gammel

– Kommunevåpenet til Bremanger har eit midtpunkt som det går bølgjer ut frå. Det liknar ein krusedull. Bølgjer skaper ringverknader og kan vise at by og land går hand i hand.

– Surf på bølgjene, Bremanger! sa krusedullfilosof Hans Christian Medlien frå Lucky Næroset.

Med nye tankar og humor har bygda Lucky Næroset i Hedmark hatt ein enorm suksess. Dei har klart å sette Næroset på kartet ikkje berre i Norge, men også i det store utland.

Og Medlien er oppteken av symbol og teikn. Som i kommunevåpenet.

– I Bremanger er det mykje ein kan ta tak i og byggje vidare på. Humor er eit verkemiddel, altså eit middel som verkar, sa Hans Christian Medlien i si framføring.

Og det såg ut til at Medlien og Næroset fekk mange nye tilhengarar blant publikum i Rugsund søndag, for det var både latter og undring over at det dei har fått til.

Inspirasjon frå Eikefjord

Primus motorar Brigt Samdal og Per Øyvind Sørbø frå Eikefjord fortalde korleis dei har arbeidd i Eikefjord for å få til noko trass i den dystre spådommen som rådde før den nye riksveg 5 vart lagt utanom bygda.

- Vi brukte tid på å samle folk frå forskjellige delar av bygda. Det var viktig for oss at vi gjekk ut av sentrum og fekk med oss folk frå ytterkantane også.

Grendalaget skulle vere eit felles talerør som heile Eikefjord stod bak, sa Brigt Samdal i foredraget.

- Noko av det første vi gjorde var å tenkje over korleis vi ønskte å framstå og kommunisere utover. Vi laga oss tidleg ein kommunikasjonsstrategi om å fokusere på media.

Både det å forstå korleis dei jobbar og legge til rette for det, påpeikar Samdal vidare.

Vellukka arrangement

Eikefjord sine eldsjeler og den sjølvutnemnde krusedullfilosofen fekk latteren og inspirasjonen fram også hjå dei høge herrane i Bremanger kommune.

Vi spurde rådmann Tom Joensen om kva han meinte om dagen i Rugsund.

- Arrangementet i dag viser at viss ein har folk som vil noko og er kreative, så er det muleg å få til utruleg mykje. Vi har massevis av folk med kompetanse og forhåpentleg mot i Bremanger òg.

Vi har jo bevis på kva vi får til om vi står samla og vil noko saman, sa ein engasjert Tom Joensen.

Omstart

Vi spurde også kultursjef Espen Frøysland om kva som skjer etter dette dagseminaret.

-Vi har lagt opp til ein omstart, der vi ønskjer å samkøyre aktivitetane i kommunen blant frivillige lag og foreiningar og turistbasert næring.

Dette skal også vere ein inspirasjonsdag, og ein stad for å samle forskjellige aktørar for å skape betre informasjonsflyt. Men turistnæringa må sjølv gjere ein jobb, og mange stader blir det gjort mykje bra, sa kultursjef Espen Frøysland.

Ordførar Kåre Olav Svarstad hadde følgjande kommentar:

- Det viktigaste er at vi trekkjer saman i same retning. Vi må lære å vere stolte av kommunen vår. Om vi klarer å få innbyggjarane til å vere stolte av det vi allereie har, så er vi komne langt, sa Svarstad.

- Vi er komne inn i ein ny tidsfase. Bremangersambandet opnar i 2013. Då håper vi på å bli meir samansveiste.

Kommunikasjonen er ein hemsko i dag. Når vi får det fysiske på plass, blir det ikkje lenger så langt imellom bygdene, legg ordføraren til.

- Som vi har sett i dag, så er det viktig å ha luftslott og visjonar for framtida, noko å strekke seg etter, sa ordførar Kåre Olav Svarstad til slutt.