Kronerulling startar i dag

Kunderådgjevar Torbjørn Orheim, musemsdirektør Berit Høivik og banksjef Ole Aukland håpar private og bedrifter hiv seg på kronerullinga som no er i gong.

Kunderådgjevar Torbjørn Orheim, musemsdirektør Berit Høivik og banksjef Ole Aukland håpar private og bedrifter hiv seg på kronerullinga som no er i gong. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Sparebanken Sogn og Fjordane sparkar i gong kronerulling for Keilevågbrua. For kvar krone som kjem inn svarar sparebankstiftinga med ei til.

DEL

INC, NorTekstil og STX er allereie inne som sponsorar, men det er ikkje nok. Det har lenge vore snakk om ei kronerulling for å få inn det resterande beløpet på 750.000 kroner som må til for å kunne byggje om "pålemakkbrua", og no er den i gang.

Inspirert av dei to jentene Ingrid Dorfman Dyrli og Hanne Høidal som spontant starta kronerulling ved å selje kaker i fjor, dreg no Sparebanken Sogn og Fjordane i gang offentleg innsamling saman med Kystmuseet. For kvar krone som kjem inn gjev Sparebankstiftinga ei krone. Målet er å samle inn 375.000 kroner frå private og bedrifter. Då stillar nemleg Sparebankstiftinga med inntil 375 000 kroner til.

– 375. 000 kan bli mykje for privatpersonar, så vi håpar og trur at mindre bedrifter hiver seg på, seier Torbjørn Orheim i Sparebanken Sogn og Fjordane. Både han og banksjef Ole Aukland har merka at brua er viktig for bebuarane i Florø og at den har engasjert folk i byen. Aukland er difor overbevist om at dette kan bli ein folkeaksjon og utfordrar i tillegg sine eigne tilsette til å gi ein viss sum. Museumsdirektør Berit Høivik er takknemleg for initiativet.

– Vi hadde aldri klart det utan sponsorar. Det hadde i så fall tatt mange, mange år, så for oss er det veldig kjekt, seier Høivik. Ho og Aukland lovar ein skikkeleg folkefest når brua endeleg står ferdig. Det kan kanskje allereie skje til 1. desember.

– Målsetjinga er å få brua ferdig og opna innanfor 2012, stadfester Høivik.

Vil du støtte Keilevågbrua kan du nytte deg av kontonummer 3705.22.28000. Etter kvart vil det bli mogeleg å følgje kronerullinga på nettet fram til målet er nådd.

Artikkeltags