Kronene rullar inn

Torbjørn Orheim, museumsdirektør Berit Høivik og banksjef Ole Aukland.

Torbjørn Orheim, museumsdirektør Berit Høivik og banksjef Ole Aukland. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Det har kome inn over 20 000 kroner til Keilevågbrua, men det er framleis langt til målet.

DEL

Kystmuseet og Sparebanken Sogn og Fjordane har starta kronerulling for å få rusta opp den pålemakkinfiserte Keilevågbrua.

For kvar krone som kjem inn gjennom kronerulling, gir Sparebanken ei krone. Målet er difor å samle inn 375.000 kroner frå private og bedrifter, så stiller Sparebankstiftinga med dei resterande 375.000 kronene som prosjektet treng.

- 375. 000 kan bli mykje for privatpersonar, så vi håpar og trur at mindre bedrifter hiver seg på, har Torbjørn Orheim i Sparebanken Sogn og Fjordane tidlegare sagt til Firdaposten.

Både han og banksjef Ole Aukland har merka at folk er viktig for folk og at kronerullinga har engasjert folk i byen.

- Alle dei tilsette i banken har gitt 100 kroner kvar, og vi oppfordrar andre bedrifter om å gjere det samme, seier Ole Aukland.

Det har per i dag komme inn 21.050,-, så det er langt igjen til målet om 375.000 kroner.

Kystmuseet og Sparebanken Sogn og Fjordane lovar ein skikkeleg folkefest når brua endeleg står ferdig. Det kan kanskje allereie skje til 1. desember.

Målsetjinga er å få brua ferdig og opna innanfor 2012.

Vil du støtte Keilevågbrua kan du nytte deg av kontonummer 3705.22.28000.

Artikkeltags