Kritisk til Bibel-pushing

SNUR IKKJE ANDRE KINNET TIL: Bente Halvorsen og SV reagerer på at soknepresten i Florø dukkar opp i skuletimane, med biblar til femteklassingane som ikkje møtte opp til utdeling i kyrkja. Uansett om dei er truande eller ikkje. Ho meiner dette er å prakke trua på elevane.

SNUR IKKJE ANDRE KINNET TIL: Bente Halvorsen og SV reagerer på at soknepresten i Florø dukkar opp i skuletimane, med biblar til femteklassingane som ikkje møtte opp til utdeling i kyrkja. Uansett om dei er truande eller ikkje. Ho meiner dette er å prakke trua på elevane. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Er det rett av prestar å dukke opp i klasserommet for å gje Bibelen til ikkje-truande elevar i alle sitt påsyn? Og er det tilfelle at Kinn kyrkjekontor har tilgjenge til skulen si elles så hemmelege klasseliste?

DEL

Det er spørsmåla Bente Halvorsen i Flora SV stiller bystyret, etter å ha fått førespurnader frå fleire foreldre som føler at kyrkja på denne måten dyttar trua si på ungane deira. No ønskjer ho å reise ein prinsipiell debatt om kyrkja sin rolle i Floraskulen.

Har tilgang til elevlister

Kvart år inviterer kyrkja alle femteklassingane i Flora til utdeling av biblar i kyrkja. Men einskilde av femteklassingane vel å halde seg heime, fordi dei ikkje deler kyrkja si tru.

Kinn kyrkjekontor har tilgjenge til skulane si elles så hemmelege elevliste. Kyrkja veit difor kven som var, og ikkje var til stades under utdelinga. Væpna med denne informasjonen, dukkar prestane opp i klasserommet for å gje Det nye testamentet til dei som ikkje kom i kyrkja. Også til dei som ikkje er truande.

– Er det slik at Floraskulen leverer ut klasselister til alle organisasjonar, spør Halvorsen i sin interpellasjon til bystyremøtet 2. mars.

– Handlar om respekt

– Men er det så farleg at kyrkja deler ut biblar?

– Det handlar om respekt. Ein kan spørje seg sjølv; hadde det vore greitt at til dømes muslimske organisasjonar kom på skulane for å dele ut Koranen, spør Halvorsen og understrekar:

– Mange tenkjer nok kanskje, «er det så nøye»? Men det er verkeleg nøye for dei det gjeld. Poenget er at mange foreldre har teke eit medvite standpunkt til trua, på vegner av ungane sine. Dette må skulen og kyrkja respektere. Og om dette er tilfelle, er det å gå over streken, seier ho.

– Skulen skal vere livssynsnøytral, seier Halvorsen og peikar på Opplæringslova, som seier at «skulen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar».

– Bryt kyrkjelova

Halvorsen har også snakka med ikkje-truande foreldre som reagerer på at konfirmasjonsundervisninga blir lagt i skuletida.

– Seinast i går snakka eg med ei mor med ein son som valde å ikkje la seg konfirmere. Medan andre hadde konfirmasjonsundervisning, gjekk han utan noko å gjere, seier ho og peikar på endringane i kyrkjelova §36,1 som seier at «Konfirmasjonsopplæring skal ikkje leggjast til skuletida, med mindre særlege grunnar ligg føre og kommunen har gjeve sitt samtykke».

– Her må kommunen følgje lova, for slike grunnar ligg ikkje føre. Denne saka skulle bli handsama av bystyret i fjor, men hittil er ingenting gjort, poengterer ho.

Artikkeltags