Sørger for gåver under juletreet til krisesenteret i år også

FLORØ: For sjette året på rad samlar byhotella inn gåver til barna på krisesenteret, i år har dei håp om rekord.

DEL

Det er mogleg juletreet i resepsjonen på Quality Hotel er ensomt, men tomt er det ikkje. Under treet ligg det allereie ein ganske stor haug med gåver som barna på krisesenteret skal få opne på julaftan. Det er sjette gongen dei to Choice-hotella i byen er med på Ensomt juletre-kampanjen til Nordic Choice Hotels, og i år har dei eit lite håp om å slå alle rekordar.

Handballen leverte

– Vi har faktisk samla inn om lag 300 gåver kvart år, men vi har eit lite håp om at det blir ekstra mykje i år. Vi hadde handballen på besøk for nokre dagar sidan, dei har bytta leverandør så dei bestemte seg for å pakke inn og gi restlageret sitt til oss. Det er heilt nye varer med merkelappar og alt, så det set vi enormt pris på, seier Gro Leni Hansen. Saman med Veronica Vedvik frå Comfort Hotel, som snart tek tilbake det klassiske «Victoria»- namnet, møter dei Firdaposten for å oppmode florøfolket til dugnad for dei svakaste blant oss i år også. For skal det bli rekord må folk minnast på innsamlinga. Sjølv om det er mykje gåver under treet på Quality er det framleis god plass, og eit godt stykke att til det nivået som er vanleg.

– Det har blitt ein tradisjon det her. Folk sender melding, eller stikk innom og spør om ikkje vi skal samle inn gåver i år også. Det er fint, og det er veldig kjekt å vere med å bidra til å samle inn til Krisesenteret. Dei set veldig pris på at vi gjer dette, dei har ikkje pengar til så mykje anna enn drift. Skal det bli noko ekstra er dei avhengig av hjelp frå andre.

– Det kostar så lite, men betyr så mykje.

Berre snille folk

Veronica og Gro Leni seier at dei som tidlegare ønsker at dei som kjem innom meg gåve skriv på merkelappen kva for alder og kjønn gåva passar til. Trass i historier frå andre kantar av landet om folk som pakkar inn boss og det som verre er og gir til slike formål, har dei aldri opna pakkane på førehand for å sikre at det er ordentlege gåver, og dei har ikkje tenkt å gjere det i år heller.

– Vi satsar på at folk er ok!

– Det er berre snille folk i Florø.

– Vi trur jo at folk gir noko som folk vil sette pris på å få i gåve.

Nordic Choice Hotels samarbeider med UNICEF, og har donert 32 millionar kroner til dei i løpet av dei siste ti åra. Dei har lova å gi 10 kroner til UNICEF for kvar pakke som blir lagt under eit av trea som no står i resepsjonane til Choice-hotella i kjeda. Klarar dei 300 gåver i år, blir det 3000 kroner.

Gåver kan leverast i resepsjonen på både Quality Hotel, og Comfort Hotel i Florø sentrum, og vil du vere med på dugnaden må du gjere det innan den 18. desember.

Artikkeltags