Barnehuset skal ligge i Førde, og ikkje på Krisesenteret.

Britt Dalsbotten Foto: Olav Hatlemark
Det stadfestar Britt Dalsbotten (Frp) torsdag.
Tildelingsbrevet blir sendt ut frå Justisdepartementet i morgon. Og i det står det at Førde får barnehuset i Sogn og Fjordane. Det fortel leiar for Framstegspartiet Førde og rådgjevar for fiskeriministeren, Britt Dalsbotten, som nett har vore i møte i departementet om saka.
– Så no handlar det ikkje lenger om vi får eit barnehus i fylket, men når. Dette vil bety mykje for dei barna som er utsett for vald og overgrep i fylket, strekar ho under.
Barnehuset i Førde skal opne andre halvår i 2018 i det nye legevaktbygget. Der er allereie ei etasje sett av til barnehuset. Der skal dei vere saman med overgrepsmottaket som alt er i drift.
– Kvart år blir mellom 160 og 180 saker frå Sogn og Fjordane behandla, så at dette ikkje er komme på plass enno er beklageleg. Sakene som blir behandla i dag, blir behandla frå Bergen eller i Ålesund, seier Dalsbotten.
Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen stadfestar avgjerda om å plassere barnehuset i Førde.
– I morgon vil politiet få oppdraget om å opprette barnehus i Sogn og Fjordane. Dette er eit enormt beredskapsløft for barn som lever i utryggleik i fylket, seier han og strekar under:
– Frida Melvær og Britt Dalsbotten har betydd mykje for at vi får ein rask realisering, påpeiker Amundsen.
Tidlegare har dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, reagert på at den kompetansen dei har på krisesenteret ikkje har vore tatt med i betraktninga. Ho meiner at Barnehuset, avdeling Sogn og Fjordane, bør plasserast i tilknyting til krisesenteret. I Florø.
– Krisesenteret i Florø kan for øvrig vere ei ressurs for dei utsette i ettertid, så sjølv om barnehuset ikkje blir lagt saman med krisesenteret, forventar eg at det blir lagt opp til eit samarbeid med dei, seier Dalsbotten.