Dei Eurospar-tilsette gav bort julebonusen sin

Frå venstre: Samira Saldic, Merissa Steindal, Tora Angell-Jacobsen, Elise Aagesdatter, dagleg leiar for Krisesenteret, Wenche Hovland, Amalie Endestad (var i kassa då bildet vart teke), Anders Grotle, Torill Reksten, Merethe Haugholt, Steinar Svardal, Moui Donpakcham og Yuwadee Banjong.

Frå venstre: Samira Saldic, Merissa Steindal, Tora Angell-Jacobsen, Elise Aagesdatter, dagleg leiar for Krisesenteret, Wenche Hovland, Amalie Endestad (var i kassa då bildet vart teke), Anders Grotle, Torill Reksten, Merethe Haugholt, Steinar Svardal, Moui Donpakcham og Yuwadee Banjong. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– De anar ikkje kor takksame vi er for ei slik gåve, fortalde dagleg leiar for Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland til dei tilsette på Eurospar Krokane måndag.

For kvar av dei tilsette fekk 200 kroner å gi til eit velgjerande tiltak av Kjøpmannshuset. Nesten alle av dei tilsette på butikken spelte inn Krisesenteret i Sogn og Fjordane som sin mottakar og måndag fekk Wenke Hovland tildelt gåvekort for 8900 kroner.

– Dette gjer til at vi kan skape ei trygg og fin ramme for dei som skal vere hos oss i jula. Vi kan handle inn litt ekstra og få stelt i stand ei fin jul, fortalde Hovland. For budsjettet til Krisesenteret er stramt, og kommunane som bygger opp dette tilbodet spelar alle inn av dei har stram økonomi. Difor er slike gåver nødvendige for å kunne skape ei flott og trygg julemarkering.

– Dette er vi verkeleg glade for og pengane går direkte til brukarane våre, presiserte Hovland. I år kjem det til å vere 25 på Krisesenteret og kanskje enno fleire om det skulle skje ting akutt. Og det gjer det dessverre ofte i jula.

– Det er veldig kjekt å kunne hjelpe litt til, fortalde Merissa Steindal i det fotograferinga var over. Butikksjef Steinar Svardal vart rørt av å sjå dei tilsette saman med takksame Hovland. Han kom difor med denne kommentaren før ho gjekk.

– Du Wenche, sei ifrå når du kjem, så skal eg hive med litt ekstra kaker og noko anna vi har her på lur.

Artikkeltags