Ferjedåp gav pengar i Krisesenter-kassa

GÅVE: Gudmødrene Magni Hjertenes Flyum og Karoline Bjerkeset, med Fjord1-styreleiar Vegard Sævik i midten

GÅVE: Gudmødrene Magni Hjertenes Flyum og Karoline Bjerkeset, med Fjord1-styreleiar Vegard Sævik i midten Foto:

I samband med dåpen av dei to nye ferjene på Lote-Anda sambandet har Fjord1 donert 30.000 kroner til Krisesenteret.

DEL

Tidlegare denne veka blei dei to nye elektriske ferjene til Fjord1 på Lote-Anda sambandet døypt etter alle kunstens regler. Om du ikkje umiddelbart skjønar kvifor det utløyser ein gåve til Krisesenteret i Sogn og Fjordane skal du vere tilgitt, men det er altså gudmorgåva som er nøkkelen her.

Det er vanleg at reiarlaga gjer ei nokså sjenerøs gåve til gudmor under ein skipsdåp. Det gjorde dei også under dåpen av MF Gloppefjord og MF Eidsfjord tysdag. Men i staden for ei personleg gåve, fekk gudmødrene Magni Hjertenes Flyum og Karoline Bjerkeset avgjere kven som skulle få dei 30.000 kronene. Valet falt på Krisesenteret.

– Det er tradisjon med gudmorgåve, og i staden for personleg gåve ønskte vi å gje gåve vidare til Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Vi set stor pris på det viktige arbeidet de gjer for dei som er utsett for vald eller mishandling, fortalde Magni Hjertenes Flyum i samband med utdelinga av pengane.

Dagleg leiar på Krisesenteret for Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, set veldig pris på gåva.

– Krisesenteret er svært takksame og set stor pris på gåva! Pengane skal brukast på best mogleg måte til det beste for alle dei valdsutsette kvinner, barn og menn som søker hjelp på Krisesenteret

Artikkeltags