No kan du planlegge heile reisa via Kringom

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Alle landets haldeplassar er no søkbare på nettsida deira.

DEL

Det kan ikkje stikkast under nokon stol at det ofte har vore vanskeleg å planlegge reiser, i fylket og resten av landet, om ein har tenkt å halde seg til kollektivtrafikk. Kollektivtilbodet i landet er komplisert og spesielt dersom du skal reise på tvers av fylkesgrensene. Tidlegare har du kanskje måtte bruke både Skyss, Kringom og Fram sine reiseplanleggarar for å finne ut korleis du skal komme deg frå Bergen til Ålesund.

Heile landet

Dette blir det no ein slutt på. Sogn og Fjordane fylkeskommune har nettopp lansert ein ny reiseplanleggar på kringom.no. Her kan du finne rutedata for kollektivreiser i heile landet. Dermed skal du kunne søke på alle haldeplassar i heile landet.

Den nye reiseplanleggaren hentar rutedata frå selskapet Entur, som samlar rutedata frå alle kollektivselskap i landet. Dei lanserte i november ein nasjonal ruteplanleggar og det er denne Kringom no tar i bruk.

– Vi håpar at den nye reiseplanleggaren vil gjere det enklare for folk å finne gode reisealternativ, anten dei bur i fylket, er tilreisande eller på gjennomreise, seier Tove Berget, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Samferdselsavdelinga i fylkeskommunen jobbar tett med Entur og i løpet av året er planen å også lansere billettsal på mobil med same plattform.

Entur jobbar kontinuerleg med vidareutvikling av og feilretting i reiseplanleggaren. Til dømes vil tenesta komme på nynorsk og engelsk.

Informasjonsskjerm på kaia

Ein av lesarane våre har testa den nye tenesta, og påpeiker med glede at det endeleg verkar som om lokalbåtane i Florabassenget er rett på Kringom, så dette ser bra ut. Når det gjeld lokalbåtane har Fylkeskommunen enno ein liten godbit på lur. Dei har vore i kontakt med Flora kommune for å få lov til å henge opp ein skjerm med ruteinformasjon for lokalbåt og ekspressbåt i venterommet på Florø Kai. Dette i samråd med Fjord1. Skjermen vil oppdaterast automatisk, og vise dei ti neste båtavgangane frå haldeplassen, samen med oppdaterte nyheiter frå NRK Sogn og Fjordane, og informasjon frå Kringom.

Kommunen er positiv til dette, så skjermen kjem. Det må berre leggast til rette slik at den kan koplast opp mot internett i dette bygget. Det bør vere ein overkommeleg utfordring å løyse.

Artikkeltags