Tiltalt for å ha svindla Nav for over 300.000 kroner

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ei kvinne frå Sunnfjord må møte i Sogn og Fjordane tingrett i midten av januar, tiltalt for bedrageri.

Ifølge tiltalebeslutninga leverte ho inn meldekort til Nav i tre år, men førte ikkje inn timane ho faktisk var i jobb hos ein arbeidsgjevar. Opplysningane på meldekorta danna grunnlag for automatisk berekning og urettmessig utbetaling av litt over 300.000 kroner.

Aktor har lagt ned krav om erstatning til Nav på 7424 kroner.

Artikkeltags