Omreisande artist er satt i varetekt, sikta for voldtekt av Sunnfjord-jente.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vest Politidistrikt sendte tysdag ut ein pressemelding der dei skriv at dei i slutten av oktober 2017 fekk melding om to voldtekter. Voldtektene skal ha vorte utført av ein mann i 20-åra, og skjedde i Sunnfjord i 2016 og 2017. Til Bergens Tidende utdydper politiadvokat Sissel Kleiven at det gjeld to voldtekter av same jente, som på tidspunktet det skjedde var under 16 år.

Mannen er i tillegg sikta for eit tilfelle av seksuell handling mot ei anna fornærma under 16 år. Begge dei fornærma er kvinner.

Politiet pågrep ein mann fredag 8. juni, og han er no sikta i saka. Han er europeisk statsborger, og skal ha utført overgrepa medan han har vore på besøk i Norge .

I Sogn- og Fjordane tingrett vart mannen varetektsfengsla i 4 veker, med brev- og besøkskontroll i to av vekene. Årsaka er at ein meinar det er høg risiko for at mannen vil freiste å unndra seg forfølgning om han løslates no. I tillegg fryktar retten at mannen kan påverke potensielle vitner om han blir satt fri medan politiet framleis er i ein innleiande fase av etterforskinga.

Mannen nektar straffeskuld og har anka fengslinga til Lagmannsretten.

– Politiet vil på noverande tidspunkt ikkje kommentera saka ytterlegare av omsyn til etterforskinga, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkeltags