Ber om fire nye veker i varetekt for valdtektssikta artist

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Måndag blir den utanlandske artisten og skodespelaren som er sikta for valdtekt og overgrep mot mindreårige jenter frå Sunnfjord framstilt for fire nye veker i varetekt. Mannen har sete i varetekt sidan byrjinga av juni, og politiet meiner det er stor fare for at mannen vil reise frå landet før saka kjem opp om han blir sleppt fri.

Det er NRK som først rapporterte dette laurdag morgon, og dei meiner å vite at politiet snart er ferdige med etterforskinga, og at dei truleg vil halde på mannen til saka kjem opp.

Artikkeltags