Vil ha strengare straff for dei som ikkje melder om overgrep på born

Statssekretær Sveinung Rotevatn sitt departement ønskjer no ei innstramming i krava når det gjeld å varsle om overgrep mot barn.

Statssekretær Sveinung Rotevatn sitt departement ønskjer no ei innstramming i krava når det gjeld å varsle om overgrep mot barn. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Justisdepartementet strammar til, men nytt framlegg blir møtt med skepsis.

DEL

Justisdepartementet har no sendt på høyring ei lovendring som strammar til rundt krava om varsling av overgrep på mindreårige.

Det er NRK Sogn og Fjordane som skriv dette på sine nettsider.

Framlegget frå departementet kom i mai, og i forslaget ønskjer ein å utvide foreldingsfristane for slike saker, nå det gjeld plikta alle har til å avverge og melde frå.

Plikta om å melde ligg allereie i straffelova i dag (paragraf 196). Men regjeringa meiner det må sterkare lut til, og kjem difor med endringsframlegget.Regjeringa vil utvida avvergingsplikta til å gjelda frå det fornærma barnet er fylt 18 år, og fem år framover.

– I norsk rettshistorie har vi døme på alvorlege og systematiske overgrep mot barn, der mange har visst, men ingen har sagt noko. Det er viktig at dei som veit, melder frå. Viss ikkje, meiner eg dei skal kunne straffast for det, seier statssekretær Sveinung Rotevatn (V) i Justis- og beredskapsdepartementet, seier statssekretær Sveinung Rotevatn i Justisdepartementet til NRK.

Men ikkje alle jublar over framlegget. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane. Blant fleire er Advokatforeininga blant skeptikarane.

Artikkeltags