Seks gutar har tilstått postkassesprenginga

FLORØ: Politiet avhøyrde mellom 15 og 20 personar. Det gav resultat.

DEL

Natt til 8. januar vart kring 25 postkasser sprengt i området Eikefjord-Stavøya og Humlestøl. Sidan då er mellom 15 og 20 personar avhøyrde i saka. Det gav resultat, seier politistasjonssjef Wenke Hope til Firdaposten måndag morgon.

– Gjennom avhøyra har vi no fått klarleik i det som har skjedd. Seks gutar har tilstått sprenging av 10 postkasser, seier ho.

Den yngste av desse seks er 17 år, den eldste er 20. Dei har tilstått at dei har køyrd rundt og sprengt postkasser. Ved nokre høve har dei også fyrt av rakettar mot postkassestativa frå bilen, legg Hope til. Dei har likevel ikkje tilstått å køyre ned eine lyktestolpen ved Eikefjord skule.

– Har dei sagt noko om kvifor?

– Dei har vel tykt det var moro, svarar Hope men legg til at politiet ikkje ser saka på same måten.

– Dette er ei åtferd vi ikkje ønsker i samfunnet. Dei risikerer relativt høge bøter for aktlaus bruk av fyrverkeri og hærverk, seier ho.

Saka er no ferdig etterforska, og er sendt til jurist. Juristen skal vurdere om saka skal til tingretten, eller om den kan løysast i konfliktrådet. Der risikerer dei å måtte sette seg ned med alle som har fått postkassene sine sprengt, og forhandle om erstatning.

Artikkeltags