Tiltalt for å ha køyrd i narko- og pillerus, utan sertifikat og med is på frontruta

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 40-åra må møte i Sogn og Fjordane tingrett for fleire tilfelle av uvettig køyring.

Mannen vart først teken i fjor sommar, då han køyrde trass i at han var påverka av den sterke epilepsimedisinen klonazepam, i tillegg til amfetamin. I desember vart han teken igjen. Ifølge tiltalen var frontruta på bilen mannen køyrde nedisa ved dette tilfellet. Og på våren i år vart mannen stoppa for tredje gong. Denne gong hadde han ikkje gyldig førarkort.

Han risikerer mellom anna å misse førarretten.

Artikkeltags