Ung kvinne sparka og spytta på politiet då ho vart teken med MDMA

DEL

Ei ung kvinne er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 30 dagar, men slepp sone med ei prøvetid på 2 år, etter å ha blitt teken med det narkotiske stoffet MDMA. MDMA er verkestoffet i ecstasy.

10 gram av det narkotiske stoffet vart funne under ei ransaking heime hos henne i fjor. Under ransakinga skauv ho først politibetjentane bort frå seg. Då politiet ville arrestere henne sparka ho først mot den eine politibetjenten, før ho spytta på – og trefte den andre politibetjenten.

Artikkeltags