Mann i 30-åra sikta for grov valdshandling

Av

KRIM: No er mannen varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod.

DEL

Mannen vart arrestert den 27. januar sikta for grov lekamsskade. Hendinga skjedde på rorbu i Kalvåg natt til søndag.

Det skriv Firda.

Politiet fekk melding klokka 06.00 søndag morgon om at ein privatfest hadde kome ut av kontroll. Ein av festdeltakarane oppførte seg truande og vart karaktrisert som at han hadde gått «amok».

Ifølgje operasjonsleiar Per Algrøy at mannen i 30-åra hadde trua med kniv, og rispa ein annan i neven.

Rispa mann med kniv

Tysdag vart den sikta varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod. Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om fengslinga.

Etterforskingsleiar i Vest politidistrikt, Kåre Toreid, er svært tilbakehalden med informasjon.

– Det eg kan seie på noverande tidspunkt er at den fornærma er ein mann i 40-åra. Ut over det viser eg til fengslingsavgjerda i tingretten tysdag, seier Toreid til Firda klokka 16.00.

Planlegg åstadsundersøking

I fengslingsmøtet fann retten at den sikta kan mistenkast for ei straffbar handling, og at det er fare for at mannen vil øydelegge bevis i saka dersom han blir sett fri.

– Politiet jobbar med å sikre heilt avgjerande bevis i saka ved å få oversikt over vitne og sikre vitneforklaringar frå dei andre personane som var til stades, og kriminaltekniske undersøkingar på åstaden. Politiet har planlagt åstadsundersøking og rekonstruksjon med fornærma og rettsmedisinar/sakkunnig til stades.

Det er også behov for å sikre ytterlegare forklaringar frå sikta og vitne.

– Dersom sikta no vert lauslaten får han moglegheita til å kontakte fleire personar med tilknyting til saka. Han har ein reell moglegheit til å påverke vitneforklaringar, står det i rettspapira.

Den sikta samtykka til fengsling.

Artikkeltags