Fengsel og 60.000 i bot for ruskøyring

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Mannen blei i Sogn og Fjordane tingrett dømt til fengsel, bot og tap av førarretten.

DEL

Ein 30 år gammal mann blei tysdag dømd for å ha køyrt i rusa tilstand. Straffa blei 24 dagar fengsel, ei bot på 60.000 kroner og tap av førarretten i tre år.

Hendinga skjedde i Florø på hausten i fjor. Mannen var påverka av THC (psykoaktivt verkemiddel i cannabis) og amfetamin.

Det var skjerpande at mannen tidlegare er dømt køyring i rusa tilstand, men mildande at han tilstod forholdet.

Artikkeltags