Drapssikta mann lauslaten i Florø

DRAP: To menn blei i april sikta for drap i Florø. No blir den eine av dei lauslaten fordi etterforskinga har svekka mistanken mot han.

DRAP: To menn blei i april sikta for drap i Florø. No blir den eine av dei lauslaten fordi etterforskinga har svekka mistanken mot han. Foto:

FLORØ: Politiet har sett fri ein 40 år gamal mann som har vore sikta for drap i Florø. Mistanken mot mannen er svekka.

DEL

Politiet slepp fri ein mann i 40-åra som har vore sikta for drap i Florø. Han har sitte i varetekt sidan byrjinga av april. Det skriv politiet i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

– Det samla bevisbildet har ført til at politiet meiner at mistanken mot mannen er svekka. Påtalemakta har på denne bakgrunn bestemt seg for å lauslate mannen.

Politiet ber om åtte nye veker i varetekt for den andre sikta i saka. Fengslingsmøtet går i Bergen tingrett kl. 12:45 i dag.

Artikkeltags