22-åring sikta for forsettleg drap på 40-åring

Den drepne 40-åringen og den sikta 22-åringen kjende kvarandre, og budde begge i Florø.

DEL

Både den drepne 40-åringen og den 22 år gamle mannen som er sikta for drapet er norske statsborgarar, og dei kjende kvarandre frå før – men dei er ikkje i familie. Det stadfesta politiet under pressekonferansen litt over klokka 14.30 onsdag.

Politiet var i kontakt med sikta allereie før 40-åringen blei funnen, og hadde kontroll på kvar han var fram til han blei pågripen rundt klokka 15.30 onsdag, opplyser politiet.

22-åringen er sikta for forsettleg drap etter Straffelova paragraf 275, «Den som dreper en annen, straffes med fengsel frå 8 inntil 21 år».

Mann sikta for drap 

Sikta for drap

Skader på avdøde og omstenda førte til at politiet etter innleiande undersøkingar sikta han for drap.

– Det er enno så tidleg i etterforskinga at vi ikkje kan gå inn på kva som er bakgrunnen for at vi valde å sikte han for drap, sa politiet under pressebriefen.

Like før klokka eitt tysdag førarmiddag drog politiet til et hus i Florø på bakgrunn av ei bekymringsmelding.
Inne i huset fann politiet ein livlaus mann. Ambulanse blei tilkalla og forsøk på gjenoppliving blei sett i verk. Mannen blei erklært død av lege på staden etter kring 40 minutt.

Kriminalteknikarane har sidan tysdag kveld jobba på åstaden med sikring av bevis der – inne i leilegheita der avdøde blei funne og i området rundt huset. Dette arbeidet held fram i dag.

(Saka held fram under bildet)

UNDERSØKINGAR: Krimteknikarar frå Bergen var onsdag i arbeid på åstaden.

UNDERSØKINGAR: Krimteknikarar frå Bergen var onsdag i arbeid på åstaden. Foto:

Politiet etterforskar mistenkeleg dødsfall i Florø 

Har sikra seg spor

- Det blei sikra spor på den sikta i forbindelse med pågripinga tysdag. Den sikta sin bustad er også undersøkt, informerte politiadvokat Høyland om.

I går kveld blei det gjennomført ein foreløpig rundspørjing i nabolaget til avdøde og politiet har heldt fram med vitneavhøyr utover morgonen og formiddagen i dag.

- Politiet er i kontakt med avdødes nærmaste pårørande og er i gang med vitneavhøyr av disse. Familien vil få oppnevnt bistandsadvokat, kven det blir må vi få komme tilbake til, seier Høyland.

Sikta sit onsdag ettermiddag i avhøyr med sin advokat, Stig Nybø.

- Han forklarer seg greitt til politiet. Eg kan ikkje seie noko om kva han har forklart, eller om han har vedgått noko. Sikta er kjent av politiet frå før, utan at politiet kan utdjupe denne kjennskapen nærmare.

(Saka held fram under bildet)

ÅSTADSUNDERSØKINGAR: Krimteknikarar i arbeid på åstaden onsdag.

ÅSTADSUNDERSØKINGAR: Krimteknikarar i arbeid på åstaden onsdag. Foto:

Hadde ytre skader

- Den avdøde hadde skader som gir grunn til å mistenke at han er utsett for ein straffbar handling. Av omsyn til den vidare etterforskinga kan politiet ikkje si noko om korleis skadane reknast med påført, eller kva for type skader det er snakk om, seier politiadvokaten.

Politiet har sett ned ein etterforskingsgruppe i Florø, og politiet vil etterforske saka breiddt med fleire hypotesar.

- Vi har ikkje låst oss til ein teori, og vi etterforskar ope. Men vi meiner det er overvekt av sannsynlegheit for at sikta har begått drap, seier Høyland.

Politiet held fram med avhøyr av vitne, både personar som kan ha opphalde seg i området på gjerningstidspunktet, og også personar i kretsen rundt sikta og avdøde.

Dei vil også forsøke å gjennomføre fleire avhøyr av sikta.

Det vert gjennomført fleire kriminaltekniske undersøkingar, og det er tatt beslag i telefonar og andre lagringseiningar som vil bli gjennomgått.

(Saka held fram under bildet)

Fengslingsmøte torsdag

Avdøde er sendt til Gades institutt i Bergen for obduksjon. Denne er planlagt gjennomført i morgon, torsdag. Politiet ventar på resultat av den og ein foreløpig rapport frå Gades.

Når informasjon og spor er samla inn, må de gjennomgåast og analyserast – noko som er tidkrevjande arbeid.

Sikta vil bli framstilt for fengsling i Sogn og Fjordane tingrett i morgon, torsdag.

Første drapssaka etter politireforma

Det er no sett ned eit stort etterforskingsteam, med kriminalspesialistar og krimteknikarar frå Bergen,  i tillegg til lokale ressursar frå Sogn og Fjordane.

Førebels er ikkje Kripos kobla inn i saka.

- Vi har førebels ikkje sett noko behov for det, vi har eigne spesialistar i politidistriktet. Vi har sett av ressursar og lagt ein plan for etterforskinga framover. Vi kjem til å bruke mykje ressursar på dette, og brukar alt vi må bruke, både lokalt og frå Vest politidistrikt i Bergen. Det er første gong det er ei så alvorleg sak i Sogn og Fjordane etter at vi vart ein del av det nye politidistriktet, seier politiinspektør Arne Johannessen.

MØTTE MEDIA: Politiadvokat Inger Lise Høyland og politiinspektør Arne Johannessen i Vest politidistrikt heldt pressekonferanse i Florø.

MØTTE MEDIA: Politiadvokat Inger Lise Høyland og politiinspektør Arne Johannessen i Vest politidistrikt heldt pressekonferanse i Florø. Foto:

Artikkeltags