Slo mann i bakken i Strandgata

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Då utestadane stengde natt til søndag, fekk politiet melding om slagsmål i Strandgata. Ein person var slått i bakken, men den mistenkte hadde forlate staden.

I Førde var ein mann såpass utagerande på ein av utestadane, at han fekk overnatte i drukkenskapsarresten. Politiet rykte også ut til ein person som sparka og slo i veggar, pluss at dei måtte handtere ei ordensforstyrring der ein mann hadde slått til ei vakt på ein utestad.

Også på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid fekk ein mann i 20-åra overnatte i arresten. Noko seinare vart ein annan mann i 20-åra meld for ordensforstyrring, men han vart dimittert på staden.

Artikkeltags