Politiet siktar mann for 16 innbrot i bustader

FLORØ: Politiet har pågripe ein mann i 20-åra, mistenkt for heile 16 innbrot i Sogn og Fjordane og Hordaland.

DEL

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er mannen mistenkt for innbrot og grove tjuveri frå ulike bustader i både Hordaland og Sogn og Fjordane, men han nektar å ha noko med sakene å gjere.

Den sikta mannen skal ikkje ha noko relasjon til dei to rumenarane, som sist veke blei fengsla, mistenkte for innbrotsraid, men seinare sleppte fri att.

Om desse sakene har noko tilknyting til kvarandre, er politiet førebels sparsame med informasjon rundt.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane vil fengslingsmøtet bli halde i dag, torsdag, og går for lukka dører.

Artikkeltags