Gav nazihelsing og knea ein politibetjent i skrittet – må sone 30 dagar

FØRDE: Ein mann i slutten av 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for ei rekke lovbrot.

DEL

Mannen som i Sogn og Fjordane tingrett no er dømd til 30 dagars fengsel er dømd for ei rekke lovbrot tidlegare, mellom anna fem gonger for vald og to gonger for vald mot polititenestemenn. Denne gongen er har dømd for sju tilfelle av kriminelle handlingar som inkluderer vald mot politiet, å bere kniv på offentleg stad og for å eige eit ulovleg elektrosjokkvåpen. Under ei ransaking heime hos mannen tidlegare i år, fann politiet også fem gram hasj og ein boks med 31 rivotriltablettar.

Like før julaftan i fjor vart politiet tilkalla av mannen sine foreldre, etter at han hadde oppført seg utagerande heime hos dei. Då politiet skulle arrestere den tydeleg rusa mannen enda det i eit basketak inne på badet. Mannen fekk på seg handjern, men klaga på at dei sat for stramt. Då politibetjentane losna den eine handa hans, gjorde han plutseleg motstand att og det enda i eit nytt basketak. Under basketaket knea han eine politibetjenten i skrittet med stor kraft. Politibetjenten vart sett ut av spel i eit par sekund, men smertene i skrittet vara ei god stund. Betjenten måtte til legeundersøking etter hendinga.

Under pågripinga fann også politiet ein ulovleg elektrosjokkpistol tilhøyrande mannen.

Tidlegare på året hadde mannen blitt stoppa av ein politipatrulje. Han bar kniv, denne vart kverrsett av politiet på staden. Han vart irritert over episoden, og gav difor nazihelsing til politiet då dei drog frå staden. Politiet finn seg ikkje i å bli omtalt som nazistar. Mannen vart dømd for dette tilfellet også.

Ved eit anna høve, ikkje lenge etter, var mannen innom ein bar i fylket. Då han skulle på toalettet, stupte han i trappa. Ein bartender kom til for å sjekke korleis det stod til. Mannen spurde etter toalettet. Bartenderen peika på toalettdøra, men den rusa mannen gjekk inn i eit bøttekott i staden. Då vart han så irritert at han reiv laus kranen til ein handvask inne på toalettet.

I Sogn og Fjordane tingrett er no mannen dømd til å sone 30 dagar i fengsel, han må også betale 2000 kroner i erstatning til baren.

Artikkeltags